Vi har behov for tilkallingsvikarar som vi kan ringe til og som kan stille på kort varsel ("ringevikarar") til barnehagane ved oppvekstsentra i Bøfjorden og Bæverfjord, Todalen og Stangvik og Mo.
Det er fint om du har erfaring frå arbeid med barn i barnehagealder.
Skriv gjerne i søknaden kva som kan vere aktuell barnehage å arbeide i for deg.
Det er krav om å legge fram tilfredsstillande politiattest før oppstart. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Her finn du informasjon om oppvekstsentra våre:
https://www.surnadal.kommune.no/tenester/skule-og-utdanning/skulane-i-surnadal/grunnskular/
Vi engasjerer tilkallingsvikarar fortløpande. Om du har spørsmål, tek du kontakt med einingsleiar for oppvekstsentra våre: Gro Kvammen Sæter, tlf 920 40 465.
Link til søknadsskjema:
Søk herArne Landsem er einingsleiar ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter som består av to skular og to barnehagar.
Stangvik skule ligg i Melhus- krysset på Kvanne, i same bygg som Stangvik barnehage. Stangvik skule er ein fådelt 1-7-skule. Antal ungar varierer litt år for år, men ligg på omkring 50 elevar.
Gro Kvammen Sæter er styrar i Stangvik barnehage.
Stangvik barnehage er ein 3 avdelingsbarnehage. Antal ungar varierer også her, med omkring 30-35 ungar fordelt på 3 avdelingar etter alder. Alderen på ungane er frå 0-6 år.
Barnehagen ligg oppå ein liten bakketopp, med fint og variert skogsterreng omkring. Vi har ein lavvo og ei grillhytte i skogen som vi nyttar mykje.
Todalen skule ligg i Todalen, på same område som Todalen barnehage. Rektor ved skulen er Britt Mossing. Todalen skule er ein fådelt 1-7-skule. Antal ungar varierer frå år til år, men ligg på omkring 25 elevar.
Jorunn Nordvik er styrar i barnehagen i Todalen.
Barnehagen, som er ein del av Todalen og Stangvik oppvekstsenter, har eit heildagstilbod for barn i alderen 0-6 år, og er godkjent for 18 plassar.
Vi ønskjer å bidra til ein god barndom, og gje eit variert pedagogisk tilbod, der trivsel, tryggleik, leik og læring står sentralt. Vi ønskjer å gje rom for mangfald, der respekt og toleranse for kvarandre er viktig. Alle skal få opplevingar og erfaringar i høve til alder og modning.