Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Noregs domstolar er den tredje statsmakta og den fremste konfliktløysaren i samfunnet. Som dommar får du arbeide med eit breitt spekter av juridiske problemstillingar, bidra til konfliktløysing mellom menneske og ta avgjerder som betyr mykje for både menneska og samfunnet. Det er ein fagleg krevjande og spennande jobb, der ein skal forvalte viktige samfunnsverdiar som uavhengigheit, rettstryggleik og tillit.
Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet med 32 dommarembete, 8 juridiske utgreiarar og 22 saksbehandlarstillingar/administrative stillingar. Domstolen vert leia av ein førstelagmann og er organisert i to likestilte dommaravdelingar, ei utgreiareining og ein administrasjon med sekretariat og fellestenester.
Lagdømmet består av Vestland og Rogaland lagsokn. Domstolen har lokale sentralt i Bergen, og har dessutan faste rettslokale i Stavanger og Haugesund. Ein del reising må påreknast.
Det blir ledig to embete som lagdommar ved Gulating lagmannsrett. Tiltreding etter avtale.
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine er
For å bli lagdommar må du ha følgjande kompetanse:
Du må vere norsk statsborgar. Det krevst uttømmande politiattest dersom du blir innstilt.
Vitnemål og karakterutskrifter skal leggjast ved søknaden. Vi ber om at dokumentasjonen blir henta frå Vitnemålsportalen og lasta opp saman med søknaden.
Det er viktig at du kjenner deg igjen i fleire av følgjande eigenskapar:
Det vil bli lagt vekt på om du er personleg eigna for embetet.
Ved tilsetjing tilbyr vi årsløn som for tida er kr 1 557 600.
Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og erfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire dommarar med fleirkulturell bakgrunn og erfaring. Dette vil gi domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.
Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.
Den som blir utnemnd, må utan erstatning finne seg i dei endringane som måtte bli gjort i rettskrinsen og organiseringa av domstolane, til dømes samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.
Personopplysningar i søknaden og i CV-en blir handterte i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Du kan lese meir om personvern på domstol.no.Her finn du også generell informasjon om domstolane.
Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for høvet til å bli utelaten frå denne lista. Etter at søknadsfristen har gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på Søkerlister - Innstillingsrådet for dommere | Norges domstoler.
Generell informasjon til søkjarane finst på www.domstol.no/innstillingsradet.
Søknad med CV, vitnemål og attestar må sendast elektronisk via lenkje på denne sida «Søk stillinga». Ver venleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillinga.
Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 55 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som den viktigaste konfliktløysaren i samfunnet er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri krav og forventningar frå samfunnet.
Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit og rettstryggleik. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort si sak, sett strek og kome seg vidare.
Med rolla vår følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø.