Nav Sveio
Nav Sveio søker rettleiarar i Sveio. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring, førerkort B. Delvis hjemmekontor. Søknadsfristen er 6. desember 2026.
Skrevet av Nav Sveio
Nav Sveio er eit lokalt Nav-kontor med 12 medarbeidarar og ein del av region Nav Sunnhordland. Hos oss blir du ein del av eit tett og inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, kunnskapsdeling og engasjement for samfunnsoppdraget står sentralt. Saman med kollegaer i Nav Stord, Nav Fitjar, Nav Bømlo, Nav Kvinnherad og Nav Tysnes utgjer vi eit fagleg sterkt fellesskap som arbeider for inkludering, deltaking og fleire i arbeid.
I Nav Sveio møter me menneske med ulike ressursar, mål og utfordringar. Me trur på at dei fleste, med rett støtte og gode moglegheiter, kan finne sin plass i arbeidslivet. No ser me etter to engasjerte rettleiarar som deler denne trua og som ønskjer å bidra til at fleire kjem i arbeid eller utdanning.
Stillingane er knytt til oppfølgingsteamet, der du i hovudsak skal følgje opp personar som søkjer om eller får arbeidsavklaringspengar (AAP). Arbeidet handlar om å sjå moglegheiter saman med den enkelte, avklare behov og ressursar og finne gode vegar vidare mot arbeid, utdanning eller annan arbeidsretta aktivitet.
Som rettleiar får du ein variert arbeidskvardag med oppfølging, rettleiing og sakshandsaming. Du samarbeider tett med brukarar, arbeidsgivarar, behandlarar og andre aktuelle samarbeidspartnarar. Du må trivast med å møte menneske i ulike livssituasjonar og kunne balansere god relasjonsbygging med krav til framdrift, kvalitet og korrekt forvaltning.
Nav er i stadig utvikling, og arbeidsoppgåvene kan endre seg etter behov.
Det er ein fordel om du har
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Camilla Tranøy Forth, Kontorleiar, 976 92 224, camilla.tranoy.forth@nav.no
Sveiogata 64
5550 Sveio
Arbeidsgivar: Nav
Referansenr.: 5213434924
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 18 jobber for saksbehandlere innen sosiale ytelser i Vestland de siste 90 dagene.
600 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 580 000 og 620 000 kr.
Annonsen sier: fra 639 000 til 661 000 kr i året. Det er i den høyeste fjerdedelen for yrket.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 2 andre ledige jobber for saksbehandlere innen sosiale ytelser i Vestland nå, hos 2 arbeidsgivere.
Se alle ledige stillinger som veileder / saksbehandler i nav i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som veileder / saksbehandler i nav i Sveio?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Nav Sveio: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer c094c7a1-2479-4e09-965f-3495fdc53d7d. Se den hos Nav
Frist
11 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Nav Sveio.
Camilla Tranøy Forth
Kontorleiar
camilla.tranoy.forth@nav.no+47 976 92 224