Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Nav Øygarden held til i moderne og trivelege lokale sentralt på Straume. Vi er om lag 80 engasjerte medarbeidarar fordelt på fire avdelingar som kvar dag jobbar for å gi gode og heilskaplege tenester til innbyggjarane i kommunen. Hos oss får du dyktige kollegaer, eit inkluderande arbeidsmiljø og moglegheit til både fagleg og personleg utvikling.
Dette er ei variert og meiningsfull stilling der du følger opp personar som er sjukemelde og står i krevjande livssituasjonar. Arbeidet inneber å kartleggje ressursar og moglegheiter, motivere for aktivitet og arbeid, og finne gode løysingar i samarbeid med brukaren, arbeidsgjevar og andre samarbeidspartnarar.
Du vil handtere saker med ulik kompleksitet og ha ansvar for eigen portefølje. Stillinga krev at du kan prioritere mellom oppgåver, arbeide strukturert og gjere gode vurderingar innanfor gjeldande regelverk. Samtidig må du kunne byggje gode relasjonar og kommunisere tydeleg med menneske i ulike situasjonar.
Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Jannicke Bertelsen, Avdelingsleder, 97597575, jannicke.bertelsen@nav.no
Grønamyrvegen 18
5353 Straume
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5201843864
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.11.2026
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling