Nav Bergen vest gir tenester til innbyggjarane i Fyllingsdalen og Laksevåg. Vi held til i sentrale og nyoppussa lokale på Vestkanten storsenter. Kontoret består av om lag 130 komm
unale og statlege tilsette som samarbeider tett, både internt og med dei andre bydelskontora i Nav region Bergen. Hos oss blir du ein del av eit stort fagmiljø med høge ambisjonar for kvalitet, læring og gode resultat.Stillinga er delt mellom fagansvar (70 %) og oppfølging av eigne brukarar (30 %). Fagansvaret omfattar heile det statlege tenesteområdet ved kontoret. Dette gir ei brei og variert rolle med gode moglegheiter til å påverke kompetanseutvikling, arbeidsprosessar og tenestekvalitet. Samstundes vil du ha ansvar for eiga brukarportefølje og bidra til at fleire kjem i arbeid, aktivitet eller utdanning.
Du blir ein av to fagansvarlege ved kontoret og vil, saman med kollegaen din, ha ei sentral rolle i fagutvikling, opplæring og kvalitetsarbeid. De vil arbeide tett saman og vere viktige støttespelarar for både leiarar og medarbeidarar.
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du kan vere med og gjere ein forskjell for menneske som treng støtte på vegen vidare.
Det kan bli endringar i ansvar og arbeidsoppgåver.
Det er ein fordel om du har
Erik Ottesen, avdelingsleder, 99037851
Ingvild Haugland, fungerende enhetsleder, 93209972
Loddefjordveien 2
5171 Loddefjord
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5191446665
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.10.2026
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling