Spesialeininga for politisaker
Spesialeininga for politisaker søker spesialetterforsker i Oslo og Bergen. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring. Delvis hjemmekontor. Søknadsfristen er 16. desember 2026.
Skrevet av Spesialeininga for politisaker
Spesialeininga for politisaker etterforskar og avgjer saker som gjeld spørsmål om ein tilsett i politiet eller påtalemakta har gjort ei straffbar handling i tenesta. Eininga skal gjennom arbeidet sitt bidra til å byggje tillit til at samfunnet behandlar alle meldingar mot politiet og påtalemakta med alvor og grundigheit.
Spesialeininga for politisaker er ikkje ein del av politiet. Vi er ei uavhengig verksemd som er direkte underlagd Justis- og beredskapsdepartementet og Riksadvokatembetet. Verksemda har i dag 46 tilsette. Sjefen for Spesialeininga med administrasjonen og avdelinga for sentralt saksmottak og innleiande etterforsking, er plassert på Hamar. Etterforskingsavdelinga er lokalisert i Oslo, Trondheim og Bergen. For meir informasjon viser vi til nettsida vår: www.spesialenheten.no.
Vi er ein spennande arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag. Sakene vi handsamar har stor betydning for enkeltmenneske og er viktige for tilliten til politiet og påtalemakta. Det er difor avgjerande at arbeidet blir utført i tråd med dei overordna måla våre om låg kriminalitet og rettstryggleik, og dei grunnleggjande verdiane våre om uavhengigheit, integritet og openheit.
Etterforskingsavdelinga består av spesialetterforskarar, juristar og kontorstøtte. Avdelinga har for tida 22 tilsette. Ved kontoret i Bergen er det totalt fire tilsette. Vi har no ei ledig stilling der fordi ein av kollegaene våre går av med pensjon.
Vi søkjer ein fagleg dyktig spesialetterforskar som likar utfordringar og ønskjer å vere ein del av vårt engasjerte og kompetente fagmiljø. Vi arbeider både sjølvstendig og i team med saker av ulik kompleksitet. Du må identifisere deg med samfunnsoppdraget og verdiane til Spesialeininga. Spesialeininga er ein beredskapsorganisasjon, og det blir forventa fleksibilitet i oppgåveløysinga og vilje til å yte ekstra når oppgåvene krev det.
Spesialetterforskaren skal planleggje og gjennomføre avhøyr og utføre andre etterforskingsskritt i straffesakene våre. Stillinga inngår i beredskapsvaktordninga til Spesialeininga saman med påtalefagleg etterforskingsleiar. Med dagens bemanning utgjer dette om lag tre heimevakter à éi veke per år. Arbeidet som spesialetterforskar vil medføre noko reising i samband med utrykkingar og etterforsking av saker frå heile landet.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med:
Vi søkjer ein person som er fagleg dyktig og som stiller høge krav til kvalitet og nøyaktigheit. Du må kunne arbeide sjølvstendig med eigen portefølje, samstundes som du bidreg konstruktivt i teamarbeid. Vi legg til grunn at du har gode evner til kommunikasjon og samhandling.
God evne til å ta avgjerder og få oppgåver gjennomførte er eigenskapar vi legg vekt på. Vi ønskjer at du er initiativrik, sjølvstendig og liker og har evne til å leie deg sjølv. Du må vere motivert, engasjert og medviten om eigne haldningar. Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt. Vi vil også leggje vekt på søkjaren sine refleksjonar kring samfunnsoppdraget til Spesialeininga
Hos oss får du moglegheit til å arbeide med samfunnsaktuelle saker i ei verksemd med ei viktig demokratisk rolle. Du får arbeide tverrfagleg saman med kompetente, profesjonelle og hyggelege kollegaer.
Vi er opptekne av at medarbeidarane våre har ein god balanse mellom arbeid og fritid. Vi praktiserer ein hybrid arbeidskvardag innanfor rammer som tek vare på både oppgåveløysinga og arbeidsmiljøet. Alle system er tilrettelagde for mobilt kontor, og vi har ei ordning som gir høve til inntil to dagar med mobilt kontor kvar veke. Vi har fleksitid og sommartid, og moglegheit til å trene i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer med stillinga. Det gir deg ei god pensjonsordning og moglegheit for bustadlån på gunstige vilkår. Sjå meir informasjon på www.spk.no.
Vi ønskjer inkludering og mangfald. Vi treng derfor medarbeidarar med ulik personlegdom, etnisk bakgrunn, alder, kunnskap og ulike perspektiv. Dersom du er den rette kandidaten for oss, vil vi leggje stor vekt på mangfaldsperspektivet.
Stillinga blir lønna etter staten sitt lønsregulativ i stillingskode 5223 politioverbetjent frå kr. 730.000 til kr. 850.000 per år. Lønsplasseringa vil avhenge av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
I samsvar med særavtale blir det gitt tillegg i løn for belastande unntak frå arbeidsmiljølova (kr 43 641 per år), tilgjengelegheit (kr 33 816 per år) og heimevakt (kr 14 047 per veke). Frå løna blir det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse.
Den som blir tilsett må ha plettfri vandel og kunne tryggleiksklarerast for nivået HEMMELEG. Ved eventuell tilsetjing må det leggjast fram politiattest (uttømmande og utvida).
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dersom anmodinga ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette, jf. offentleglova § 25.
Det blir teke atterhald om framtidige organisatoriske endringar. Den som blir tilsett pliktar å rette seg etter framtidige avgjerder som inneber organisatoriske, arbeidsmessige og/eller ansvarsmessige endringar knytte til stillinga.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Vi vil leggje til rette ved behov. For å bli vurdert etter desse ordningane må søkjaren oppfylle nærare fastsette vilkår. Vi oppmodar derfor søkjarar til å krysse av i rekrutteringsportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Opplysningane blir nytta til anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer på i årsrapportane sine. Les meir her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Vi ber om at søknad, CV, attestar og vitnemål blir sende elektronisk via den elektroniske rekrutteringsportalen vår.
Liv Øyen, Avdelingsleder, 62556100
Slottsgaten 3
5003 Bergen
Arbeidsgiver: Spesialenheten for politisaker
Referansenr.: 5214315086
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.12.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 33 jobber for politibetjenter mv. i Oslo de siste 90 dagene.
770 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 675 000 og 860 000 kr.
Annonsen sier: fra 730 000 til 850 000 kr i året. Det er rundt midten for yrket.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 10 andre ledige jobber for politibetjenter mv. i Oslo nå, hos 3 arbeidsgivere. 6 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som spesialetterforsker i Oslo
Vil du vite når det kommer nye stillinger som spesialetterforsker i Oslo?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Se hva Brønnøysundregistrene sier om Spesialeininga for politisaker: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer bef74f0b-a466-4fdd-8cda-fd89bc08a426. Se den hos Nav
Frist
22 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Spesialeininga for politisaker.
Liv Øyen
Avdelingsleder
+47 625 56 100