Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Vi har ledig 100% stilling som barnehagelærar i Treungen barnehage, i Nissedal. Dette er ei 100% fast stilling, og ledig fom. 4. januar.
Velkomen som søker hjå oss!
Som barnehagelærar har du ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanen for barnehagens innhold og oppgåver. Du vil bidra til å utvikle og oppretthalde eit godt foreldresamarbeid, og vere ein tydelig rollemodell for barna. I tillegg vil du jobbe i team, både i leiarteam med andre pedagogar, men og med dyktige kollegaer på avdelinga.
Oppgåver jamfør stillingsomtale for barnehagelærar i Nissedal kommune.
- Kvalifikasjonskrav:
- Barnehagelærar eller tilsvarande pedagogisk utdanning
- Gode faglege kunnskaper og interesse for fagleg utviklingsarbeid
- Samarbeidsevne og fleksibilitet
- Omstillingsevne
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen
Personar utan formell kompetanse kan bli vurdert dersom det ikkje melder seg søkjarar i målgruppa.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen.
Kommunen nyttar nynorsk som skriftspråk.
Dersom interne tilsetjingar, kan andre stillingar bli ledig.
Natalie Zernichow Fjalestad, Styrar Treungen barnehage, +47 47 62 92 75
Sollivegen 27
3855 Treungen
Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 5204160277
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2026
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.