Austevoll kommune
Austevoll kommune søker 13,31 % og 18,79 % fast stilling som pleiemedarbeidar i Storebø. Fast, deltid. Turnus.
Skrevet av Austevoll kommune
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie- og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus og kreftomsorg. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Austevoll kommune har to ledige helgestillingar som pleiemedarbeidar ved spesialavdelingane på Austevoll pleie- og omsorgssenter. Ein i 13,31 % og ein i 18,79 %.
Har du ledig tid i helgene og ønsker verdifull arbeidserfaring innan helse og omsorg? Då kan dette vere ei spennande moglegheit for deg. Stillingane inngår i turnus med arbeid om lag kvar tredje helg.
På Austevoll pleie- og omsorgssenter blir du ein del av eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar. Vi har fokus på samarbeid, læring og trivsel, og ønsker at alle skal oppleve meistring og arbeidsglede i kvardagen.
Austevoll kommune er i omstilling, og arbeids- og ansvarsområda kan difor bli endra.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 69 jobber for andre pleiemedarbeidere i Vestland de siste 90 dagene.
540 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 485 000 og 585 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 32 andre ledige jobber for andre pleiemedarbeidere i Vestland nå, hos 27 arbeidsgivere. 9 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger i Austevoll?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 4 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 9 stillinger siden juli 2026.
www.austevoll.kommune.noOrg.nr 975270351
Austevoll er ein øykommune sørvest i Vestland fylke. Kommunen er den største fiskerikommunen i landet, med høg næringsaktivitet og eit mangfald av spennande jobbar.
Administrasjonskontoret ligg i kommunehuset på Storebø, om lag fem minutt med bil frå ferje- og hurtigbåtkaia.
Austevoll har om lag 5500 innbyggarar. Rundt 700 personar pendlar til kommunen frå nabokommunane kvar dag.
Vi er om lag 450 fast tilsette som arbeider for å gi innbyggarane gode kommunale tenester.
Bur du i Austevoll, kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Ordninga gjeld frå januar 2026. Undersøk gjerne om du fyller vilkåra for å få lån sletta på nettsidene til Lånekassen.
Hos oss får du meiningsfylte og utfordrande oppgåver, og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Arbeidsspråket i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer b91c0ce2-c007-4750-8fd8-8dfaacfdac1b. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Isabell Heggen
Avdelingsleiar
Isabell.halstensen.heggen@austevoll.kommune.no+47 911 47 857