Vest politidistrikt
Vest politidistrikt søker avsnittsleder Fag- og metodeutvikling i Bergen. Vikariat, heltid. Krav: bachelorgrad, 4+ års erfaring. Turnus. Søknadsfristen er 18. november 2026.
Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste, Seksjon for operative tenester, er det ledig vikariat som politioverbetjent SKO 0287 med funksjon som avsnittsleiar ved Avsnitt for fag og metodeutvikling. Stillinga er stadsplassert i Bergen.
Felles eining for operativ teneste er ei funksjonell driftseining i Vest politidistrikt. Eininga er organisert i Seksjon for operative tenester, Seksjon for arrest og framstilling, Seksjon for samfunnssikkerhet og beredskapskoordinering, Seksjon for operative spesialfunksjonar og Seksjon for felles tenestekontor. I tillegg er Stabssjef i Vest politidistrikt underlagt eininga. Dei tilsette ved eininga har både politifagleg og sivil bakgrunn. Eininga har det overordna faglege ansvaret for politiet sine operative gjeremål i heile distriktet.
Seksjon for operative tenester har fire avsnitt, tre for operasjonssentralen og eit avsnitt for fag og metodeutvikling.
Politiets Kontaktsenter Vest er underlagt fag og metodeutviklingsavsnittet. Avsnitt for fag og metodeutvikling blir leia av avsnittsleiar med personalansvar for fleire fagleiarar, instruktørar samt medarbeidarar ved Politiets Kontaktsenter Vest.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi ser etter motiverte kandidater som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Som leiar av avsnittet skal du utøve dagleg tryggleiksmessig leiing. Du skal rettleie og følgje opp dine tilsette slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som tar hand om tryggleiken ved avsnittet.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli henta inn opplysningar om deg frå registra til politiet.
Ønskelege kvalifikasjonar som blir vektlagt:
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Søknadsfristen er 18. november 2026.
Jobben er i Bergen.
De ber om bachelorgrad. Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
De vil at du har mye erfaring, 4 år eller mer. Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Vest politidistrikt.
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene heilt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Frist · 14 dager til frist
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Spørsmål om søknad/CV
Seksjon for HR
207.hr@politiet.noLagre søket, så sier vi fra på e-post når det kommer nye stillinger.
Sett opp jobbvarselDette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.