Gjemnes kommune Angvik Skule
Gjemnes kommune Angvik Skule søker lærar i Angvik. Engasjement, heltid. Krav: bachelorgrad. Søknadsfristen er 22. november 2026.
Skrevet av Gjemnes kommune Angvik Skule
Gjemnes kommune ligg vakkert til på Nordmøre, midt mellom Kristiansund og Molde. Med sine naturskjønne omgjevnader byr kommunen på flotte moglegheiter for friluftsliv året rundt, perfekt for deg som likar ein aktiv livsstil. Kommunen har omlag 2700 innbyggjarar.
Vi har eit godt arbeidsmiljø, der vi byggjer verksemda vår på lagånd, ansvarleggjering og lojalitet, med eleven i sentrum.
Angvik skule er ein fådelt barneskule, 1.-7. med omlag 40 elevar. Vi er 10 tilsette som kvar dag arbeider for å gi elevane eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Skulen vart renovert i 2024 og har moderne fasilitetar.
Visjonen til oppvekssektoren er: "Vi lar flammen brenne!" Vi ønskjer å gi elevane eit sterkt sjølvbilete, tryggleik i samhandling med andre og lyst til vidare utdanning. Som ein del av Oppvekstnettverk Nordmøre deltek vi aktivt i læringsløypa språk og skriv. Vi er òg med i prosjektet "Læring i friluft".
Vi har med atterhald, ledig ei mellombels lærarstilling fram til 31.7.2027 med moglegheit for forlenging.
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg til rette for arbeidsforholda ved behov.
Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Dersom du ønskjer unntak frå innsyn, må dette grunngivast i søknaden. Søkjarar som ikkje får innvilga ønsket om unntak, vil bli varsla.
Den som blir tilsett, må før tiltredning leggje fram politiattest i samsvar med opplæringslova § 17-11. Tilsetjing skjer under føresetnad av at politiattesten ikkje inneheld merknader som er til hinder for tilsetjing.
Busette i Gjemnes kommune får nedskriving av studielånet sitt frå og med januar 2026.
Er du klar for ein givande jobb der du kan gjere ein forskjell? Send inn søknaden din i dag!
Link til søknadsskjema:
Søk herAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 24 jobber for grunnskolelærere i Møre og Romsdal de siste 90 dagene.
710 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 660 000 og 755 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 18 andre ledige jobber for grunnskolelærere i Møre og Romsdal nå, hos 16 arbeidsgivere. 2 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som lærar i Møre og Romsdal
Vil du vite når det kommer nye stillinger som lærar i Gjemnes?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Gjemnes kommune ligger på Nordmøre sentralt plassert midt mellom byene Kristiansund og Molde i Møre og Romsdal fylke. Gjemnes har ca 2750 innbyggere og et areal på ca 381 km2. Kommunesenteret ligger i tettstedet Batnfjordsøra.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer b568340a-d6c3-426d-a555-67d1d21a2c74. Se den hos Nav
Frist
i morgenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Gjemnes kommune Angvik Skule.
Therese Hvattum Asphol
therese.hvattum.asphol@gjemnes.kommune.no+47 997 89 781