Miljøtenesta, Stad kommune
Miljøtenesta, Stad kommune søker vernepleiarar og miljøterapeutar Selje/Stadlandet i Stadlandet og Selje. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, førerkort B. Turnus. Søknadsfristen er 29. november 2026.
Skrevet av Miljøtenesta, Stad kommune
Miljøtenesta Selje/Stadlandet har ledig 100 % fast stilling som vernepleiar/miljøterapeut.
Er du autorisert vernepleiar, eller har du anna relevant treårig sosialfagleg utdanning? Ønskjer du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du får bruke kompetansen din, ta fagleg ansvar og vere med på å utvikle gode tenester? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Hos oss får du høve til å påverke eigen arbeidskvardag og bidra aktivt i utviklinga av tenestane. Vi tilbyr moglegheit for langvaktturnus med komprimert arbeidstid, noko som kan gi meir samanhengande fritid og ein god balanse mellom arbeid og fritid.
Miljøtenesta Selje/Stadlandet er ei teneste i kontinuerleg utvikling, med fleire tenestestader som tilbyr heildøgnstenester og oppfølging av personar som bur i eigen heim.
Vi gir tenester til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar, med ulike funksjonsnedsettingar og behov for støtte og tilrettelegging. Gjennom målretta miljøarbeid, fagleg engasjement og tett samarbeid arbeider vi for å skape trygge, meiningsfulle og individuelt tilpassa tenester.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der samarbeid, brukarmedverknad og fagleg utvikling står sentralt. Vi ønskjer medarbeidarar som tek initiativ, ser moglegheiter og vil bidra til å vidareutvikle tenestene våre.
Dette er stillinga for deg som ønskjer ansvar, faglege utfordringar og høve til å gjere ein forskjell i kvardagen til menneska vi gir tenester til.
Stad kommune har god båtkorrespondanse til Bergen og nærflyplass i i Gloppen - Sandane Anda lufthamn.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Referansar skal leggast inn. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søknad om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du kontake avdelingsleiar Silje Sneide tlf 481 19 558 eller einingsleiar Ann-Charlotte Jansson tlf 977 23 146.
Silje Sneide, Avdelingsleiar miljøtenesta ytre, 48119558, silje.sneide@stad.kommune.no
Ann Charlotte Jansson, Einingsleiar miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no
6740 Selje
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5206559376
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 43 jobber for vernepleiere i Vestland de siste 90 dagene.
685 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 625 000 og 735 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 18 andre ledige jobber for vernepleiere i Vestland nå, hos 18 arbeidsgivere. 7 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som vernepleiarar og miljøterapeutar selje/stadlandet i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som vernepleiarar og miljøterapeutar selje/stadlandet i Stad?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 2 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 3 stillinger siden juli 2026.
www.stad.kommune.noOrg.nr 983831079
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer af21c928-2352-43b8-ab9b-46b3064a36ae. Se den hos Nav
Frist
8 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Miljøtenesta, Stad kommune.
Ann Charlotte Jansson
Einingsleiar miljøtenesta
ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no+47 977 23 146