Den ledige stillinga er eit 6 månaders vikariat i 100% stilling som seniorkonsulent / rådgjevar innan medieproduksjon.
Stillinga er knytt til Medielab, som er ein del av Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU) i Fellesadministrasjonen. Medielab er høgskulen si kompetanseeining for medieproduksjon og bruk av ny teknologi i undervising, forsking og formidling. Senteret har 20 fast tilsette og har hovudkontor på campus Kronstad i Bergen (www.hvl.no/alu/medielab/).
Vi søkjer ein høgt motivert og kompetent medarbeidar med høg kompetanse i video- og multimedieproduksjon og formidling. Stillinga vil gi den som vert tilsett høve til å arbeide med varierte oppgåver i eit kreativt miljø.
Arbeidsplass vil vere campus Bergen, men HVL er ein fleircampusinstitusjon og noko reiseverksemd må påreknast.
Oppstart i stillinga er 1.1.2027.
For tilsetting i stillingskode som seniorkonsulent må søkjar ha bachelorgrad som er relevant for fagområdet, ev. minimum 2-årig fagskule og relevant erfaring.
For tilsetting i stillingskode som rådgjevar må søkjar minimum ha bachelorgrad, fortrinnsvis mastergrad, som er relevant for fagområdet.
Det er ønskeleg med erfaring frå liknande arbeid innan UH-sektoren eller frå produksjonsselskap.
Vi ønskjer at tre relevante arbeidsprøver blir lagt ved søknaden.
Stillinga som seniorkonsulent /rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent / 1434 - rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Einingsleiar Sigrid Jordal Havre
Tlf.: 55 58 58 15
E-post: sigrid.jordal.havre@hvl.no
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Medielab er ei eining i Avdeling for utvikling av undervising og læring (ALU). Eininga er høgskulen sitt kompetansesenter og laboratorium for digitale medier og teknologi. Vi tilbyr rådgjeving, utvikling og formidling innan undervising, forsking og innovasjon.
Arbeidet vårt omfattar fleirkameraproduksjon, foto, dokumentarfilm, designtenester og utvikling av ny teknologi. Læringslab er vår førstelinjeteneste for hjelp til sjølvhjelp innan ny teknologi på alle campus.