Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Du må ha:
Det er ønskjeleg at du har:
Fast stilling som sivilforsvarsadjutant (stillingskode 0331) med årsløn frå kr 620 000 til 670 000.
Tryggleiksklarering:
Den som får tilbod om stillinga må kunne tryggleiksklarerast til nivå HEMMELEG før tiltreding.
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagd Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), leia av sjef Sivilforsvaret. I fredstid består Sivilforsvaret av 8000 tenestepliktige mannskap fordelte på 20 distrikt, kvart leia av ein distriktssjef. Det sentrale nivået er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga, som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat leia av assisterande sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret har som hovudoppdrag å beskytte befolkninga i krise og krig. I fredstid skal Sivilforsvaret bidra til god beredskap i heile landet og vere ein forsterkingsressurs for nødetatar og andre myndigheiter. Sivilforsvaret har lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrkar med tenestepliktige mannskap og befal. Totalt er det ca. 230 tilsette i Sivilforsvaret. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag over heile landet. Sivilforsvaret bidrar også internasjonalt.
Stillinga inngår i ein felles regional stab og inneber tett samarbeid med andre stabsfunksjonar.
Telemark sivilforsvarsdistrikt samarbeider tett med Vestfold sivilforsvarsdistrikt om kompetanseutvikling, øvingsverksemd og oppgåveløysing. Dette gir stillinga eit regionalt fokus, der samarbeid på tvers av distrikta er ein viktig del av arbeidskvardagen. Du vil vere del av eit team som løyser oppgåver for begge distrikta. Difor må du trivast med å byggje relasjonar, dele kompetanse og bidra til felles løysingar til beste for regionen som heilskap. Vidare blir det venta at du bidreg ved interne og eksterne arrangement, held foredrag og opplæring, og representerer Sivilforsvaret i relevante samarbeidsforum, beredskapsråd og møteplassar med kommunar, naudetatar, Statsforvaltaren og andre beredskapsaktørar.Stillinga byr på ein variert arbeidskvardag med både administrative og operative oppgåver. Den som blir tilsett må vere fleksibel når det gjeld oppgåver og arbeidsområde, og trivast med å arbeide både på kontoret og ute i felt. For å kunne bidra til oppdragsløysinga i Sivilforsvaret er det viktig at du er fysisk og psykisk skikka til å jobbe i ein beredskapsorganisasjon.
For meir informasjon om Sivilforsvaret, sjå
www.sivilforsvaret.noDirektoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 800 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsordningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på
www.dsb.no/sikkerhet-i-dsbI Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten:
https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reiseDet vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på
www.dsb.no/rekrutteringsprosessenE-post: espen.tapper.saastad@dsb.no
Telefon: 33 13 45 68
Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB og oversikt over ledige stillinger på
www.dsb.no/jobb.Velkomen som søkjar hos oss!