Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Vil du bruke teknisk interesse og praktiske ferdigheiter til å gjere kvardagen enklare for andre? Osterøy kommune søkjer ein teknikar med ansvar for drift og oppfølging av kommunen sitt hjelpemiddellager. Du vil få ein variert arbeidskvardag med teknisk arbeid, logistikk, digitale system og samarbeid med innbyggjarar og kollegaer.
Du treng ikkje vere ekspert på hjelpemiddel eller kjenne Nav Hjelpemiddelsentral frå før. Det viktigaste er at du er praktisk anlagt, nysgjerrig på teknologi og digitale verktøy, lærer raskt og trivst med å finne gode løysingar saman med andre. Opplæring og fagleg støtte får du hos oss.
Stillinga er organisert i Ergo- og fysioterapitenesta. Vi arbeider for at innbyggjarane på Osterøy skal kunne leve aktive, sjølvstendige og meiningsfulle liv – heime, i institusjon, på skule og i barnehage.
Ønskjeleg med snarleg oppstart, eller frå 01.01.2027.
Vi ser etter deg som har teknisk innsikt og likar å arbeide praktisk. Du tek ansvar, er løysingsorientert og har god serviceinnstilling, og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, respekt og inkludering.
Det er ein fordel om du:
Personlege eigenskapar, praktisk forståing og vilje til å lære vil òg bli tillagde stor vekt i rekrutteringsprosessen.
Du får ei sentral rolle i å sikre at rett hjelpemiddel kjem til rett person til rett tid. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
Du samarbeider tett med ergo- og fysioterapeutar, heimetenestene, sjukeheim, forvaltningsteneste, skular, barnehagar, sjukehus og Nav Hjelpemiddelsentral.
Stillinga inngår i ein organisasjon i utvikling, og det må reknast med at arbeidsoppgåvene kan bli tilpassa etter behov over tid.
Hos oss får du ein meiningsfull jobb der arbeidet ditt har direkte verdi for innbyggjarane. Du blir del av eit inkluderande, tverrfagleg fagmiljø med høg kompetanse og korte veger til samarbeid.
Vi tilbyr opplæring i hjelpemiddelområdet, varierte arbeidsdagar og høve til å utvikle deg fagleg i skjeringspunktet mellom teknologi, praktisk arbeid og kommunale tenester.
Video:
https://youtu.be/5TIhcmaLglYOsterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.