Osterøy kommune
Osterøy kommune søker tilkallingsvikar til Osterøy ungdomsskule 8.-10.trinn i Lonevåg. Vikariat, deltid. Krav: bachelorgrad eller mastergrad. Søknadsfristen er 20. juni 2027.
Skrevet av Osterøy kommune
Osterøy kommune har ein kommunal ungdomsskule som ligg på Hatland, like ved kommunesenteret i Lonevåg.
Osterøy ungdomsskule har kontinuerleg behov for trygge og stabile vaksne for å sikre at elevane får ein trygg, god og kjekk skulekvardag.
Ved å søkje på denne stillinga søkjer du som tilkallingsvikar ved Osterøy ungdomsskule for skuleåret 2026/27 Ønskjer du å søkje som tilkallingsvikar ved barneskulane våre, er det ei eiga utlysing for dette.
Arbeidet kan bestå av både undervisning og arbeid som pedagogisk medarbeidar i skule.
Har du særleg kompetanse eller erfaring frå arbeid i skule ønskjer vi gjerne at du gjer greie for dette i søknaden din.
Vi vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar etter kvart som behovet for vikar oppstår. Om du ikkje lenger ønskjer å stå på lista som tilkallingsvikar ber vi om at du trekkjer søknaden din eller gjer oss melding om at du ikkje lenger er tilgjengeleg.
Erfaring frå arbeid med barn og unge, særleg i skule, er ønskjeleg men dette er likevel ikkje eit krav.
Vi ønskjer både søkjarar som har utdanning som lærar, barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar eller tilsvarande. Har du ikkje den formelle kompetansen, men gjerne erfaring frå arbeid med barn og unge, ønskjer vi også å kome i kontakt med deg.
Vi ønskjer vidare å kome i kontakt med deg som har andre relevante utdanningar og vi tar og gjerne i mot deg som er høgskulestudent i pedagogisk retta fag.
Vi søkjer etter deg som har eit ønskje om å arbeide med barn og unge og som trivast i rolla. Om du kan arbeide sjølvstendig, ta ansvar men og arbeide godt i team og er god på samarbeid, er dette eigenskapar som vil gå godt overens med arbeidet.
Arbeid i skule krev både tolmod men likefullt engasjement, kreativitet og positivitet! Vi er både ute og inne og ser etter deg som tar ei utfordring på strak arm og som bidrar der det trengs! Er du fleksibel på arbeidstider og kan kome på kort varsel er dette eit stort fortrinn.
Video:
https://youtu.be/5TIhcmaLglYAlle søknadar skal registrerast gjennom JobbNorge.
Dersom du får tilbod om stilling i Osterøyskulen må du leggje fram gyldig politiattest som er heimla i Opplæringslova § 17-11. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar på tiltredingstidspunktet.
Eventuelle vitnemål og attestar frå tidlegare arbeidserfaringar må leverast til postmottaket ved tilbod om stilling, dersom du ikkje har lasta opp dette som vedlegg i søknaden din, slik at det vil bli gjort ei individuell vurdering av rett lønsnivå for deg med di erfaringsbakgrunn og utdanningsnivå!
Du er velkomen til å ta kontakt med ein av kontaktpersonane våre for ein kjekk prat. Kontaktinformasjon finn du nederst på denne sida.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 184 jobber for barnehage- og skolefritidsassistenter mv. i Vestland de siste 90 dagene.
500 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 455 000 og 540 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 72 andre ledige jobber for barnehage- og skolefritidsassistenter mv. i Vestland nå, hos 62 arbeidsgivere. 5 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som barne- og ungdomsarbeider i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som barne- og ungdomsarbeider i Osterøy?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 4 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 8 stillinger siden juli 2026.
www.osteroy.kommune.noOrg.nr 975286177
Visjonen til Osterøyskulen er lærelyst og meistring for framtida.
Osterøy ungdomsskule er ein nyoppussa og moderne ungdomsskule som ligg på Hatland i Lonevåg, kommunesenteret til Osterøy. Skulen er næraste nabo til både barnehage, barneskule og idrettshall. Det er gode parkeringsmoglegheiter for deg som kjem med bil, og busstopp er rett utanfor skulen.
Skulen har om lag 250 elevar og 40 tilsette.
Elevane på ungdomstrinnet kjem frå alle bygdane på Osterøy og samlast på skulen vår.
Skulen satsar på digital undervisning og det er investert i digitalt utstyr som digitale tavler i alle rom, pc til alle elevane, samt 3D printer mm.
Det nyoppussa skulebygget har kultursal, Aulaen, med plass til 260 gjestar, og eit symjebasseng på 12,5 meter.
Skulen set kvart år opp ein musikal, som er ein del av valfag på 10. trinn. Ein har dei siste 32 åra hatt eit snitt på 1000 besøkande kvart år.
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Osterøy kommune: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 0e709e31-5239-4b49-9537-c74f96973b92. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
205 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen i fanen Lagret på Stillinger.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker, og få CV og søknadsbrev skrevet for jobben.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Osterøy kommune.
Siv Grete Stamnes
Rektor
siv.grete.stamnes@osteroy.kommune.no+47 468 88 507