Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen søker vitskapeleg assistent ved Senter for alders- og sykehjemsmedisin i Bergen. Åremål, heltid. Krav: mastergrad, 1-3 års erfaring. Søknadsfristen er 22. november 2026.
Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS), er det ledig to mellombelse stillingar som vitskapleg assistent (100 %) for ein periode på eitt år frå 1. januar 2027, med moglegheit for forlenging. SEFAS er ein del av fagområdet for eldremedisin, samfunnsfarmasi og tverrprofesjonell samarbeidslæring (FEST), og stillingane rapporterer til fagområdeleiar for FEST.
Stillingane er knytte til Senter for samansette sjukdomar og aldring (CC.AGE), finansiert av Trond Mohns forskingsstifting.
I CC.AGE undersøkjer vi om bruk av persontilpassa teknologi kan betre livet til heimebuande eldre med samansette sjukdomar, slik at dei kan leve trygt og sjølvstendig heime med god livskvalitet. Sentralt i CC.AGE står utviklinga av ein forskingsbasert digital plug-and-play-mobilplattform (ALIVE) som samlar utvalde teknologiar til bruk i heimen. Mobilplattforma skal først testast i ein pilotstudie, og deretter skal det gjennomførast ein 12 månader lang randomisert kontrollert studie (RCT) for å utforske effekten og kostnadseffektiviteten av den persontilpassa plattforma.
Som vitskapleg assistent vil du ha ei viktig rolle i å rekruttere heimebuande eldre deltakarar, gi opplæring i mobilplattforma, følgje opp deltakarane og gjennomføre datainnsamling ved hjelp av mellom anna ei berbar klokke og radarinstallasjon. Du vil òg samle inn data frå validerte spørjeskjema, sikre god datakvalitet og sørgje for trygg lagring av data på UiB sine sikre serverar.
CC.AGE er tverrfagleg og omfattar medarbeidarar med bakgrunn innan medisin, ernæring, systemvitskap, kunstig intelligens, programvareutvikling, økonomi og etikk. I tillegg til vitskapleg tilsette har CC.AGE medverknad frå brukarrepresentantar og inngår i partnarskap med Bergen kommune og e-helseplattformutviklaren Youwell.
CC.AGE er ein del av eit innovativt, aktivt og tverrfagleg forskingsmiljø ved SEFAS. Prosjektet er eitt av fleire pågåande forskingsprosjekt ved SEFAS der sensordata frå berbare einingar og radarinstallasjonar vert nytta til å overvake symptom, effektar av intervensjonar og sjukdomsforløp hos eldre og personar med nevrologiske sjukdomar som demens og Parkinsons sjukdom.
Professor Bettina S. Husebø er leiar for SEFAS og CC.AGE. Senteret høyrer til fagområdet for eldremedisin, samfunnsfarmasi og tverrprofesjonell samarbeidslæring (FEST) og har om lag 25 tilsette. SEFAS har eit omfattande nettverk både nasjonalt og internasjonalt. SEFAS er lokalisert i Alrek helseklynge i Årstadveien i Bergen. Arbeidsstaden er ved SEFAS sine lokale i Bergen.
Som vitskapleg assistent vil du få delta i alle oppgåvene i eininga i samarbeid med ein administrativ og ein vitskapleg ansvarleg for eininga, og stå for den daglege drifta.
Den som vert tilsett skal òg bidra til optimalisering og vidareutvikling av ALIVE-plattforma, med utgangspunkt i tilbakemeldingar frå studiedeltakarar og i tett samarbeid med CC.AGE-teamet.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Ved vurdering av søkjarane vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Ver merksam på at søknaden berre blir vurdert på grunnlag av informasjonen som er sendt inn innan søknadsfristen gjennom Jobbnorge. Det er derfor viktig at du legg ved all nødvendig dokumentasjon som viser at du er kvalifisert for stillinga.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Prof. Bettina S. Husebø, bettina.husebo@uib.no; +47 48094660 eller fagområdeleiar Prof. Line Iden Berge, line.berge@uib.no; +47 98857354
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Søknadsfristen er 22. november 2026.
Jobben er i Bergen.
De ber om mastergrad. Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
De vil at du har litt erfaring, 1 til 3 år. Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Universitetet i Bergen.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Frist · 18 dager til frist
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Lagre søket, så sier vi fra på e-post når det kommer nye stillinger.
Sett opp jobbvarselDette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.