Sunnylven og Geiranger distrikt, Stranda kommune
Sunnylven og Geiranger distrikt, Stranda kommune søker fagsjukepleiar - Sunnylven distrikt i Hellesylt. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 4+ års erfaring, førerkort B. Turnus. Søknadsfristen er 6. desember 2026.
Skrevet av Sunnylven og Geiranger distrikt, Stranda kommune
I Sunnylven distrikt er det 23 omsorgsbustadar og i Geiranger distrikt er det 9 omsorgsbustadar. Det blir gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til bebuarane på omsorgsbustadane, i tillegg til eit varierande antal heimebuande.
Vil du vere med å styrkje fagkompetansen og kvaliteten i helse- og omsorgstenestene?
Vi har ledig nyoppretta 100% fast stilling som fagsjukepleiar frå 01.03.2027
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar som ønskjer å bidra til kvalitetsutvikling, kompetanseheving og kunnskapsbasert praksis i tenesta.
Som fagsjukepleiar vil du vere ein viktig fagleg ressurs for medarbeidarar og avdelingsleiar. Du vil kombinere klinisk arbeid med fagutvikling, undervisning og rettleiing, og bidra til at tenesta utviklar seg i takt med framtidige behov.
Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.
Arbeidsstad vil vere i Sunnylven distrikt, men ein må pårekne å reise til Geiranger distrikt ved behov.
Klinisk arbeid
Fagutvikling og kvalitetsarbeid
Undervisning og kompetanseheving
Dokumentasjon og pasientoppfølging
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Elisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183
Hellesyltvegen 17
6218 Hellesylt
Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5209137091
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 144 jobber for sykepleiere i Møre og Romsdal de siste 90 dagene.
680 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 615 000 og 740 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 65 andre ledige jobber for sykepleiere i Møre og Romsdal nå, hos 50 arbeidsgivere. 19 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som fagsjukepleiar - sunnylven distrikt i Møre og Romsdal
Vil du vite når det kommer nye stillinger som fagsjukepleiar - sunnylven distrikt i Stranda?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Stranda – «Ein liten stad i verdsklasse»! Mellom fjord og fjell på indre Sunnmøre 1 time frå Ålesund finn du Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda. Kommunen har ca. 4.300 innbyggjarar eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt kultur- og idrettsliv og eit breitt tilbod for deg som trivst ute året rundt. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet- spesielt kjent for sine spektakulære omgivnadar i Sunnmørsalpane, regionalt kulturhus- den naturlege møtestaden for kino, teater, dans, utstillingar og konsertar av alle slag, folkebibliotek og treningssenter.
· Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. md. for full barnehageplass.
· Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Du kan få sletta delar av lånet kvart år til det er nedbetalt.
I Stranda kommune arbeider vi etter visjonen «Til å vere stolt av». Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der folk trivst, utviklar seg og får bruke kompetansen sin til beste for innbyggjarane. Gjennom samarbeid, tillit og engasjement skaper vi gode tenester og sterke lokalsamfunn. Verdiane våre respekt, omsorg og openheit skal prege arbeidet vårt. Les om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 9f24142a-6d9b-4683-85c0-4b9616bffabe. Se den hos Nav
Frist
15 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Sunnylven og Geiranger distrikt, Stranda kommune.
Elisabeth Jelle
Einingsleiar
+47 464 11 183