Bjørnafjorden kommune Ådlandsfjorden barnehage
Bjørnafjorden kommune Ådlandsfjorden barnehage søker 100 % fast stilling som fagarbeidar i Ådlandsfjorden barnehage i Os. Fast, heltid. Krav: fagbrev, 1-3 års erfaring. Dagtid. Søknadsfristen er 3. desember 2026.
Skrevet av Bjørnafjorden kommune Ådlandsfjorden barnehage
Vi har ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar i Ådlandsfjorden barnehage frå 01.01.27. Vi søkjer deg som har engasjement for arbeid med barn og ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Ådlandsfjorden barnehage som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon. Barnehagen treng fagarbeidar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring, høg kompetanse og arbeide mot barnehagen sitt overordna mål som er å ha rom for alle og blikk for den enkelte.
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på Alternativ Supplerande Kommunikasjon (ASK) i kvardagen og trygt og godt barnehagemiljø.
Ådlandsfjorden barnehage ligg vakkert til i same bygg som Ådlandsfjorden barneskule. Vi kan nytte skulen sitt uteområdet, fotballbane, ballbinge og gymsal i tillegg til eige uteområdet. Rundt barnehagen er det skogsområde, med fleire moglegheiter for tur. Vi nyttar opparbeida naturleikeplass med flott gapahuk, god plass til å bevega seg og har kort veg til sjøen. Vi har to basar og per no 21 barn i alderen 0 – 6 år. Vi har fokus på at kvart barn skal bli sett og høyrt. Det er viktig at barnet opplever glede og meistring i kvardagen.
Arbeidsoppgåver:
- Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling.
- Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god rollemodell.
- Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
- Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar.
- Bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar:
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Søkjarar med anna relevant utdanning og erfaring vert også vurdert. Utdanning frå utlandet skal vere godkjent av HK-dir. Ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn 0-6 år. Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.
Eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
- er raus, omsorgsfull og har eit varmt hjarte for barn
- er leiken, tar ansvar, initiativ og er fleksibel
- har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
- er ein lagspelar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Ein barnehage med stort fokus på fagleg innhald
- Eit godt arbeidsmiljø med positive kollegaer med stor arbeidsglede og godt humør
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Rekrutteringstillegg på kr 30 000,- .
Kontaktperson:
Bente Ådland, styrar, tlf: 975 45 650, BEAAD@bjornafjorden.kommune.no
Link til søknadsskjema:
Søk herAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 174 jobber for barnehage- og skolefritidsassistenter mv. i Vestland de siste 90 dagene.
500 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 455 000 og 540 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 80 andre ledige jobber for barnehage- og skolefritidsassistenter mv. i Vestland nå, hos 65 arbeidsgivere. 25 av dem kom den siste uken.
Vil du vite når det kommer nye stillinger som 100 % fast stilling som fagarbeidar i ådlandsfjorden barnehage i Bjørnafjorden?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 9ef4444f-2988-4a9c-8589-ff8e01326f65. Se den hos Nav
Frist
12 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Bjørnafjorden kommune Ådlandsfjorden barnehage.
Bente Ådland
beaad@bjornafjorden.kommune.no+47 975 45 650