Ullensvang kommune Prosjekt og utvikling
Ullensvang kommune Prosjekt og utvikling har en ledig stilling i Odda. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 4+ års erfaring, førerkort B. Delvis hjemmekontor. Søknadsfristen er 20. desember 2026.
Skrevet av Ullensvang kommune Prosjekt og utvikling
Vil du vera med å vidareutvikle Ullensvang kommune?
Me treng dyktig, løysingsfokusert og positiv prosjektleiar på laget vårt i Prosjekt og Utvikling - tenesteområde under sektoren Teknikk og Miljø. Her har me ansvar for utvikling og gjennomføring av investeringsprosjekta i kommunen. Ein spanande jobb i eit godt fagmiljø og på ein arbeidsplass det er lett å trivast.
Det er stor aktivitet på både store og små investeringsprosjekt i åra som kjem innan nybygg, renovering av kommunale bygg, veg og parkanlegg, ras- og flaumsikring og VA (vatn- og avlaupsanlegg).
Denne stillinga vil jobbe spesielt med prosjekt innan bygg, og me søkjer primært etter deg med erfaring frå prosjektleiing innan dette fagområdet.
Hovudansvar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av prosjekt i alle fasar, frå A-Å.
Ansvar for, og sikre at prosjekta vert utført jamfør kontraktar, offentlege krav, lover og forskrifter, (anskaffingslova, byggherreforskrifta, plan- og bygningslova m.m.), interne prosedyrar og rutinar.
Syte for godt tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt.
Ansvar for anskaffing og oppfølging av samarbeidspartnarar i heile prosessen; t.d. rådgjevande ingeniørar, entreprenørar m.m.
Ansvar for planlegging og oppfølging av prosjektorganisasjon og involvering av ulike brukargrupper, styringsgrupper, referansegrupper, ulike kommunale råd m.m.
Ansvar for at SHA-planar vert utarbeidde, reviderte og fylgde opp gjennom heile byggeprosessen.
Ansvar for god framdrift og samtidig sikre at HMS alltid vert ivareteke.
Budsjettansvar for eigne prosjekt.
Økonomisk oppfølging og rapportering.
Evaluering av gjennomførte prosjekt.
Ansvar for at all arkivverdig dokumentasjon vert arkivert i kommunen sitt arkivsystem.
Godkjent høgare utdanning innan ingeniørfag eller annan teknisk kompetanse.
Anna relevant utdanning eller erfaring kan kompensera for manglande høgare utdanning.
Gode digitale ferdigheiter.
Erfaring og kompetanse frå prosjektleiing innan byggfag, VA eller vegprosjekt.
Erfaring frå kommunal sektor er fordel, men ikkje eit krav.
Kunnskap og erfaring innan klima, energi og miljø er ynskjeleg.
Struktur- og budsjettdisiplin i prosjektgjennomføring.
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Vårt skriftspråk er nynorsk.
Førarkort klasse B, og du må disponere eigen bil i teneste.
Har gode samarbeidsevner og er ein god lagspelar.
Er løysingsfokusert og ser etter moglegheiter.
Er engasjert, fleksibel og likar utfordringar.
Er strukturert og resultatorientert.
Er målretta og har evne til å jobbe sjølvstendig.
Er framoverlent og likar god framdrift.
Viser stoltheit for arbeidsplassen og er ein god omdømebyggjar.
Trivst med å jobbe tverrfagleg.
Er flink til å dele kunnskap og involvere andre.
Har positive haldningar og godt humør.
Er ein god bidragsytar til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Unik moglegheit å vere med å vidareutvikle Ullensvang kommune
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Utvikling av eigen kompetanse
Eit sterkt lag og godt fagmiljø
Eit godt og positivt arbeidsmiljø
Arbeidsplass i Odda
Løn etter avtale
Sletting av inntil 25 000 kr av studielån i året (sjå detaljar under).
Fleksibel arbeidstid og fleksibilitet i bruk av heimekontor
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Gode offentlege tariffesta pensjons- og forsikringsordningar
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA-avtale) og fleksibel arbeidstid
Tilsettingsdato etter avtale.
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema:
Søk herAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 47 jobber for andre administrative ledere i Vestland de siste 90 dagene.
965 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 815 000 og 1 220 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 15 andre ledige jobber for andre administrative ledere i Vestland nå, hos 15 arbeidsgivere. 5 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som prosjektleder i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som prosjektleder i Ullensvang?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Tar du utfordringa ?
Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa
Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Ullensvang kommune Prosjekt og utvikling: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 9e1def33-7b96-4c3d-920b-ada74068e8e5. Se den hos Nav
Frist
24 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen i fanen Lagret på Stillinger.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker, og få CV og søknadsbrev skrevet for jobben.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Ullensvang kommune Prosjekt og utvikling.
Andre Botnen
andre.botnen@ullensvang.kommune.no+47 482 30 109