Helse Bergen HF
Helse Bergen HF søker vernepleiar og sjukepleiar - faste stillingar frå sommaren 2027 ved Kronstad DPS i Bergen. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad. Turnus. Søknadsfristen er 29. november 2026.
Skrevet av Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe innan Psykisk helsevern.
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern.
Vi håpar du vil vere med på reisa vår!Kronstad DPS er eit lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne, sentralt plassert på Danmarksplass, like ved bybanestoppet. DPS`et har ansvar for sentrumsregionen i Bergen (bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda). Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Vi har tett samarbeid med fastlegar, kommunehelsetenesta, psykiatrisk klinikk og andre offentlege og private instansar.
Oppgi i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid.
* 100% stilling som sjukepleiar/vernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg. Ein kan også få 3-delt turnus eller kun natt i sommarperioden.
Kandidatar vil bli tilsett i 100% fast stilling ved Divisjon psykisk helsevern, pt i sommarturnus ved avdelinga. Frå hausten 2027 vil stillinga bli ved same avdeling eller ved annan avdeling i Divisjon psykisk helsevern.
Oppstart i stillinga vil vere frå Juni eller etter nærare avtale med avdelinga. Du må kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioden veke 24/25 - 32/33. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet.
Kronstad Psykose døgn er ein open døgnseksjon med 12 sengeplassar. Vi tilbyr behandling og utgreiing av kortare varigheit for pasientar over 18 år med psykoseliding. Avdelinga tilbyr mellom anna kognitiv miljøterapi, psykoedukasjon/undervising, medikamentell behandling, fysisk aktivitet og Musikkterapi.
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø beståande av engasjerte og erfarne miljøterapeutar. Vi arbeider i team rundt og saman med pasienten, med utgangspunkt i samarbeid i ein seksjon med opne dører. Vi søker etter medarbeidarar som er opptatt av å gi god kvalitet i pasientarbeidet. Vi legg også stor vekt på at ein bidrar til trivsel og vekst for pasientar og medarbeidarar.
Kontakt: Hilde Steinli, TLF. 55956301/ 91150469
Kronstad Allmenn døgn tilbyr korte, målretta opphold, både akutt og elektivt, for pasientar med ulike psykiske lidingar som i ein periode har behov for døgninnlegging. Behandlingstilbodet er individuelt tilpassa og kan omfatte utgreiing, medikamentell behandling, ECT, samtalebehandling individuelt og i grupper, miljøterapi, fysisk aktivitet og psykoedukasjon. Vi legg også vekt på samarbeid med pasientens barn og pårørande, samt oppfølging og samarbeid med øvrig hjelpeapparat.
Hos oss blir du ein del av ei faglig engasjert personalgruppe med brei erfaring og et godt kollegialt samhald. Vi er opptatt av å spele kvarandre gode, dele kunnskap og skape en arbeidskvardag prega av openheit, støtte og faglig utvikling.
Kontakt: Urd Hege Loftesnes, Tlf. 55956201/ 93485950
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Sjå kontaktperson , oppgitt for den enkelte avdelinga
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
Fjøsangerveien 36
5053 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5205984500
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 197 jobber for sykepleiere i Vestland de siste 90 dagene.
680 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 615 000 og 740 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 17 andre ledige jobber for sykepleiere i Bergen nå, hos 16 arbeidsgivere. 3 av dem kom den siste uken.
Vil du vite når det kommer nye stillinger som vernepleiar og sjukepleiar - faste stillingar frå sommaren 2027 ved kronstad dps i Bergen?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 6 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 19 stillinger siden juli 2026.
www.helse-bergen.noOrg.nr 980841375
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 96f90dcc-e517-4e6c-89c3-5d44c08d17c2. Se den hos Nav
Frist
8 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Helse Bergen HF.
Sjå kontaktperson
oppgitt for den enkelte avdelinga