Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
Seksjonsleiar seksjon for lege- og rusmiddelanalysar
Vil du arbeide med avansert laboratorieteknologi i eit av Noregs største og mest spesialiserte massespektrometrimiljø?
Ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) i Helse Bergen har vi ledig ei fast stilling som kjemikar.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt og spesialisert fagmiljø, med ei av dei største LC-MS-plattformane i norske sjukehuslaboratorium. Du vil arbeide med utvikling, validering og kvalitetsforbetring av analysar innan hormon, legemiddel og rusmiddel. Stillinga gir deg ei sentral rolle i den daglege laboratoriedrifta, samtidig som du får gode moglegheiter til å delta i fagutvikling, metodeutvikling og forskingsaktivitet.
Vi søkjer ein fagleg engasjert og nysgjerrig kjemikar med mastergrad eller ph.d. innan analytisk kjemi, biokjemi eller tilsvarande fagområde. Vi ser etter deg som har interesse for avansert analysearbeid, trivst med tekniske og faglege utfordringar og ønskjer å bidra til vidareutvikling av laboratorietilbodet vårt.
Du treng ikkje ha erfaring frå sjukehuslaboratorium for å vere aktuell. Har du bakgrunn frå akademia, farmasøytisk industri, næringsmiddelindustri eller andre analytiske laboratorium, oppmodar vi deg til å søkje. Vi ønskjer å kome i kontakt med kandidatar som har eit godt analytisk fundament, evne til å arbeide sjølvstendig og motivasjon for å utvikle seg vidare saman med oss.
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ei av seks avdelingar i Laboratorieklinikken ved Helse Bergen og har om lag 370 tilsette. Avdelinga omfattar 12 analytiske og fire ikkje-analytiske seksjonar, legegruppene medisinsk biokjemi, hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi, samt NAPOS, NOKLUS og RELIS.
Vi utfører eit breitt spekter av analysar innan medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi. Verksemda vår omfattar omfattande rutinedrift, forsking, utviklingsarbeid og innovasjon. Laboratoriet er akkreditert etter ISO 15189.
Alle LC-MS/MS-metodane er utvikla av kjemikarar ved avdelinga. Dette gir unike moglegheiter til å påverke utvikling, validering og implementering av nye analysemetodar.
Seksjonane for hormonanalysar og lege- og rusmiddelanalysar har ein av dei største LC-MS-plattformane i norske sjukehuslaboratorium. Instrumentparken omfattar 16 LC-MS/MS-instrument, tre LC-QTOF-MS-instrument, eitt GC-FID-instrument og seks moderne robotar for prøvehandtering og prøveopparbeiding.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Chralotte Brunstøl, Seksjonsleiar Hormonlaboratoriet, 55974381, charlotte.elisabeth.brunstol@helse-bergen.no
Christina Ramsnes, Seksjonsleiar seksjon for lege- og rusmiddelanalysar, 55973257, christina.ramsnes@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5203436220
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.