Vindafjord kommune Vikedal skule
Vindafjord kommune Vikedal skule søker lærarar til fast stilling og vikariater i Vikedal. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad. Søknadsfristen er 13. desember 2026.
Skrevet av Vindafjord kommune Vikedal skule
Me har ledig 1 fast stilling på ungdomstrinnet på 100 %. Me treng og vikarar i til saman 250 % stilling på barne- og ungdomstrinn for tilsette som skal ut i fødselspermisjon. Lengd på vikariat vil vere på omlag 1 år med mogleg forlenging. Me søkjer særleg etter undervisningskompetanse i musikk, engelsk og matematikk, men og andre fag kan vere aktuelle. Søk no, bli ein del av flokken vår i Vikedal og hjelp oss å skapa tryggleik, meistring og læringsglede for elevane våre. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt fellesskap der me løftar kvarandre, deler erfaringar og utviklar praksis saman. Her får du rom til å vera deg sjølv – og til å veksa, både som pedagog og kollega.
Me har som mål at Vikedal skule skal vera "ein god stad å vera, ein god stad å læra". Elevar som kjenner seg trygge, sett og forstått har eit godt utgangspunkt for læring og utvikling – både sosialt og fagleg. Me legg vekt på gode relasjonar, trygge rammer og eit inkluderande miljø for både elevar og vaksne.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering
Link til søknadsskjema:
Søk herAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 47 jobber for grunnskolelærere i Rogaland de siste 90 dagene.
710 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 660 000 og 755 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 18 andre ledige jobber for grunnskolelærere i Rogaland nå, hos 17 arbeidsgivere. 3 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som lærarar til fast stilling og vikariater i Rogaland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som lærarar til fast stilling og vikariater i Vindafjord?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.
Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.
Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 91f069b6-5d77-4b3f-b141-b991ed37994f. Se den hos Nav
Frist
22 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Vindafjord kommune Vikedal skule.
Monica S. Endresen
Monica.Stangeland.Endresen@vindafjord.kommune.no+47 959 99 805