Kultur- og likestillingsdepartementet
Kultur- og likestillingsdepartementet søker sekretariatsleiar i Oslo. Engasjement, heltid. Krav: mastergrad, 4+ års erfaring. Søknadsfristen er 4. desember 2026.
Skrevet av Kultur- og likestillingsdepartementet
Regjeringa skal opprette eit offentleg utval som skal vurdere korleis dei medieøkonomiske verkemidla samla kan bidra til å nå dei mediepolitiske måla. Det inkluderer vurdering av dei direkte mediestøtteordningane, meirverdiavgiftsfritak for aviser og tidsskrift og kjøp av avisdistribusjon i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for eigen distribusjon.
Utvalet skal innan 1. november 2028 levere ei norsk offentleg utgreiing (NOU) som mellom anna beskriv relevante utviklingstrekk og korleis desse påverkar rammene til dei redaktørstyrte media. Utvalet skal evaluere dei eksisterande direkte mediestøtteordningane og vurdere kva mellom anna endringar i teknologi, distribusjon, marknadsforhold og mediebruk har å seie for korleis ordningane er innretta, og kor treffsikre dei er.
Utvalet skal ha eit sekretariat som blir formelt tilknytt Kultur- og likestillingsdepartementet, men skal rapportere direkte til leiaren av utvalet. Sekretariatet skal i utgangspunktet bestå av tre årsverk. I tillegg vil ein administrativ ressurs frå Kultur- og likestillingsdepartementet hjelpe sekretariatet.
Arbeidet krev gode samarbeidsevner, stor grad av sjølvstende og evne til å sikre framdrift og struktur i store arbeidsprosessar.
Stillinga som leiar er eit engasjement i 100 prosent stilling med oppstart så snart som mogleg. Engasjementet varer i inntil to år.
Vi gjer merksam på at utlysinga for stillinga som sekretariatsmedarbeidar òg ligg ute, og aktuelle kandidatar er velkomne til å søkje på begge stillingane.
Sekretariatet skal hjelpe utvalet administrativt og fagleg, mellom anna med å hente inn relevant kunnskapsgrunnlag og forsking, planleggje og organisere møte med utvalet og møte i utvalet si referansegruppe og i tillegg utarbeide diskusjons- og vegvalsnotat og skrive sjølve utgreiinga.
Sekretariatsleiaren vil ha leiar- og koordineringsansvar for arbeid i sekretariatet og jobbe tett saman med utvalsleiaren.
Det vil vere ein fordel med
• mediefagleg kompetanse
• erfaring frå utgreiingsarbeid eller forsking
Stillinga er plassert i stillingskode 1364 seniorrådgivar med lønn mellom 680 000 og 890 000 kroner. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt med høgare lønn.
Som tilsett i Kultur- og likestillingsdepartementet har du fleksibel arbeidstid, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse.
Arbeidsplassen for sekretariatet vil vere i Oslo.
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Øyvind Christensen, e-post: oyvind.christensen@kud.dep.no eller på tlf: 907 95 192.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 18 jobber for arbeidsledere for kontorpersonell i hele landet de siste 90 dagene.
835 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 720 000 og 1 015 000 kr.
Annonsen sier: fra 680 000 til 890 000 kr i året. Det er rundt midten for yrket.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er én annen ledig jobb for arbeidsledere for kontorpersonell i Oslo nå.
Se alle ledige stillinger som sekretariatsleiar i Oslo
Vil du vite når det kommer nye stillinger som sekretariatsleiar i Oslo?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 3 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 5 stillinger siden juli 2026.
www.regjeringen.no/no/dep/kudOrg.nr 974625709
Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri.Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på 5 avdelingar og 1 kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 8e6d00f3-a7bc-4c1b-8ee3-fbb91ec9853b. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
13 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Kultur- og likestillingsdepartementet.
Øyvind Christensen
Avdelingsdirektør
oyvind.christensen@kud.dep.no+47 907 95 192