Heimetenesta, Gloppen kommune
Heimetenesta, Gloppen kommune søker sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarb/hj.pleiar på natt i Sandane. Fast, deltid. Krav: videregående skole eller bachelorgrad, førerkort B. Turnus. Søknadsfristen er 22. november 2026.
Skrevet av Heimetenesta, Gloppen kommune
Er du sjukepleiar, verenpleiar eller helsefagarbeidar- og trivst best når andre har gått til ro?
Medan bygda søv, er vi på vegen. Vi køyrer gjennom mørke haustkveldar, vinterstormar og stille sommarnetter. Kanskje møter vi hjort i vegkanten, ein rev eller berre stjernehimmelen som selskap. Hjå oss får du litt av alt- og ingnen nattevakter er heilt like.
Vi søkjer deg som vil bli ein del av nattevaktslaget vårt i Gloppen heimeteneste.
Vi i heimetenesta har ledig 50 % fast stilling på natt, oppstart snarast.
Du blir ein del av eit nattevaktslag der de er to medarbeidaar på arbeid saman. De samarbeider, støttar kvarandre og sørgjer for at dei som treng hjelp i heimen sin, får trygge og gode tenester gjennom natta. Du må tivast med å ta ansvar, gjere faglege vurderingar og fine gode løysingar når situasjonar oppstår. Og, ja - du må vere komfortabel med å køyre bil i mørket, på smale vegar og i vestlandsver av alle slag.
Målet til heimesjukepleien er å bidra til at innbyggjarar i kommunen kan meistre livet sitt i heimen, og vi jobbar med fokus på kvardagsmeistring. Området strekk seg rundt Gloppefjorden; frå Hestenesøyra - Sandane - Anda, til Breim.
omsorgsbustadar og i heimane som personleg hygiene og ernæring.
Kjenner du deg freista? Vi lovar ikkje nordlys kvar natt, og hjorten held ikkje alltid avtalen sin om å dukke opp. Men vi kan love deg jobb der du betyr mykje for andre, får ansvar og blir ein del av eit viktig lag.
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast politiattest før tiltreding.
Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601
Grandavegen 9
6823 Sandane
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5202629067
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 154 jobber for helsefagarbeidere i Vestland de siste 90 dagene.
610 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 545 000 og 645 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 61 andre ledige jobber for helsefagarbeidere i Vestland nå, hos 47 arbeidsgivere. 15 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarb/hj.pleiar på natt i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarb/hj.pleiar på natt i Gloppen?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 89af9671-ca88-46ae-88e7-e730ba6dc3cf. Se den hos Nav
Frist
i morgenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Heimetenesta, Gloppen kommune.
Cecilie M. Helgheim
Tenesteleiar heimetenesta
+47 472 60 601