Vågåheimen
Vågåheimen søker helsefagarbeider i Vågå. Fast, deltid. Krav: fagbrev. Turnus. Søknadsfristen er 29. november 2026.
Skrevet av Vågåheimen
Ved institusjon Vågåheimen i Vågå kommune møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, har høgt fagleg fokus og eit nære samarbeid med heimetenesta, legetenesta, friviljuge, tenestemottakarar og pårørande. Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaer som gler seg på å få deg med på laget.
Vi har no fleire ledige stillingar for deg som er helsefagarbeider. Stillingane har arbeid i turnus på kveld og dag. Helgefrekvens er per dags dato kvar 3. helg for stillingar i turnus.
I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med m.a. bygging og oppgradering av bygget Vågåheimen til ein topp moderne institusjon! Vi har stort fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Ordinære oppgåver ut frå profesjon som helsefagarbeidar
Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp
Samarbeid med heimetenesta, brukarar, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartar
Fagbrev helsefagarbeidar eller har starta på utdanninga
Relevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje naudsynt
Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
God fagleg innsikt og tryggheit
Fagleg engasjert
Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig
Kreativ og endringsorientert/-viljug
Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner
Initiativrik og søkjer å finne gode løysingar til det beste for fellesskapet
Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Fleksibel, lojal og er ein lagspelar
Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt
Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.
Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling, der du som tilsett vert viktig for utvikling av tenesta
Eit godt fagmiljø, med dyktige og rutinerte kollegaer
Internundervisning, kompetanseheving, refleksjonsmøter og fagleg utvikling
Kommunen kan vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad for deg som ikkje kan dagpendle.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Stillingsstorleikar kan endre seg ved interne rokkeringar.
Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er.
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 99 jobber for helsefagarbeidere i Innlandet de siste 90 dagene.
610 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 545 000 og 645 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 38 andre ledige jobber for helsefagarbeidere i Innlandet nå, hos 29 arbeidsgivere. 10 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som helsefagarbeider i Innlandet
Vil du vite når det kommer nye stillinger som helsefagarbeider i Vågå?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Om Helse og omsorg i Vågå kommune
Helse og omsorg omfattar Heimetenesta og Vågåheimen. Heimetenesta organiserer heimesjukepleie, heildøgns omsorgsbustader, dagtilbod for personar med demens og dagaktivitet for heimebuande. Vågåheimen omfattar korttids- og langtidsplassar, demensomsorg.
Vi har stort søkeljos på fagutvikling, kvalitetsforbetring og velferdsteknologiske løysingar. Med byggeprosjekt ved Vågåheimen og kontinuerleg kompetanseheving er dette ei spennande tid å bli ein del av tenesteområdet på.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 853e3a48-4f49-4f5a-af62-91e25e10b9bf. Se den hos Nav
Frist
8 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Vågåheimen.
Berit Nilstad
Avdelingsleiar
berit.nilstad@vaga.kommune.no+47 453 43 807