Forskings- og utviklingsavdelinga/ Forsking og innovasjon, Helse Bergen HF
Forskings- og utviklingsavdelinga/ Forsking og innovasjon, Helse Bergen HF søker rådgivar kliniske studiar (monitor/Clinical Research Associate) i Bergen. Fast, heltid. Krav: mastergrad, 1-3 års erfaring. Søknadsfristen er 6. desember 2026.
Skrevet av Forskings- og utviklingsavdelinga/ Forsking og innovasjon, Helse Bergen HF
Vi søker etter ein engasjert og dyktig rådgivar innan kliniske studiar. Kliniske studiar er eit prioritert satsingsområde ved sjukehusa i Helse Vest, og det er eit auka behov for forskingsstøtte til fagmiljøa. Hos oss blir du ein sentral og verdifull samarbeidspartnar for fagmiljøa i regionen, og får ei nøkkelrolle i å rettleie og støtte forskarane gjennom heile prosjektløpet – frå planlegging og oppstart til trygg gjennomføring. Slik bidreg du direkte til at studiane held høg kvalitet og følgjer strenge nasjonale og internasjonale regelverk.
Stillinga ligg til Seksjon for forsking og innovasjon (FoI) ved Forskings- og utviklingsavdelinga. FoI har ansvar for støtte- og rettleiingstenester innan forsking for alle sjukehusa i Helse Vest, og innan innovasjon for Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen har ca. 55 medarbeidarar med høg kompetanse på ulike fagområde innan medisin, helsefag, kommunikasjon, jus, økonomi og forvaltning.
Vi søker personar med høg arbeidskapasitet, nøyaktigheit og fleksibilitet, som trivst med å handtere ulike og varierande oppgåver. Som Clinical Research Associate / monitor vil du ha ei viktig rolle i kvalitetskontrollen av kliniske studiar.
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Anne Mathilde Henden Kvamme, Fagleiar, 90655238, anne.mathilde.henden.kvamme@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5209977838
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 38 jobber for farmasøyter i hele landet de siste 90 dagene.
755 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 685 000 og 860 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 4 andre ledige jobber for farmasøyter i Bergen nå, hos 2 arbeidsgivere. 3 av dem kom den siste uken.
Vil du vite når det kommer nye stillinger som rådgivar kliniske studiar (monitor/clinical research associate) i Bergen?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 8360fa4c-0fd2-4bc4-89b3-7930e60810b6. Se den hos Nav
Frist
15 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Forskings- og utviklingsavdelinga/ Forsking og innovasjon, Helse Bergen HF.
Anne Mathilde Henden Kvamme
Fagleiar
anne.mathilde.henden.kvamme@helse-bergen.no+47 906 55 238