Jærmuseet
Jærmuseet søker kokk i Nærbø. Fast, heltid. Krav: fagbrev, 1-3 års erfaring. Dagtid. Søknadsfristen er 6. desember 2026.
Skrevet av Jærmuseet
Er du glad i kokkefaget, men klar for ein kvardag som ikkje alltid følgjer same oppskrift? På Vitengarden vekslar du mellom kafédrift, bryllaup, konfirmasjonar, aktivitetsdagar og arrangement for alt frå 10 til 300 gjester. Du er ikkje berre med på førebuingane. Du er med og gjennomfører, og ser resultatet når gjestene set seg til bords. Nokre gonger skal maten òg spela på lag med temaet for dagen eller ei ny utstilling. Smak og presentasjon skal sitja, anten det er eit kurs, ein enkel lunsj eller festmiddag til fullt hus.
Arbeidstida er i hovudsak på dagtid måndag til fredag, med kveld- og helgearbeid når me har selskap og arrangement. I helgene blir kaféen i stor grad driven av vertane våre. Dei serverer også i bryllaup og andre selskap, og kan avlasta på kjøkkenet i feriar og på fridagar. Du får derfor ei viktig rolle i å gje dei god opplæring, tydelege rutinar og nødvendig oppfølging.
Du blir ein del av eit lag med pedagogar, teknikarar, gardsstyrar, butikkansvarleg, reinhaldarar og andre faggrupper. Her er kjøkkenet ein del av heile Vitengarden, ikkje ei verd for seg sjølv. For den rette personen kan stillinga utvikla seg til eit hovudansvar for kafé- og kjøkkendrifta, med god overlapping frå dagens kaféansvarleg.
Hjå oss får du bruka kokkefaget breitt, og me set vår ære i å laga mest mogleg av maten frå botn av.
På sikt kan du få eit større ansvar for økonomi, innkjøp og vidareutvikling av heile kafé- og kjøkkentilbodet på Vitengarden.
Vitengarden er eit kombinert museum og vitensenter der store og små kan læra ved å gjera. Her kan gjestene utforska naturvitskap, teknologi og matproduksjon gjennom utstillingar og aktivitetar som inviterer til nysgjerrigheit, leik og praktisk prøving.
Midt i det jærske kulturlandskapet på Nærbø møter ein både moderne utstillingar og museumsgard. Her kan ein finna ut kor maten kjem frå, bli kjend med dyra på garden og oppleva samanhengen mellom natur, teknologi og kvardagsliv – frå jord til bord.
Vitengarden er ein del av Jærmuseet og er ein populær møteplass for familiar, skuleklassar og grupper som vil utforska og oppleva saman.
For at me skal få eit best mogleg grunnlag for å vurdera deg som kandidat, rår me deg til å inkludera dette i søknaden:
Kjennskap til jærsk mattradisjon og lokale råvarer er ein fordel. Me vil gjerne at historien vår òg skal kunne opplevast gjennom det me serverer.
Ulike perspektiv gjer oss sterkare, og me ønskjer ein arbeidsplass der mangfald er ein naturleg del av kvardagen. Derfor oppfordrar me alle kvalifiserte kandidatar, uavhengig av bakgrunn, til å søkja.
Alle søkjarar blir vurderte ut frå kompetanse og erfaring, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Me vil at du skal få vist deg frå di beste side. Dersom du har spørsmål om prosessen eller treng tilrettelegging, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss. Me finn gode løysingar saman.
Me ønskjer ein ryddig og rettferdig prosess der alle kandidatar får god og likeverdig behandling. Som jobbsøkar hjå oss kan du forventa følgjande:
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 28 jobber for kokker i Rogaland de siste 90 dagene.
505 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 460 000 og 580 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 13 andre ledige jobber for kokker i Rogaland nå, hos 13 arbeidsgivere. 1 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som kokk i Rogaland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som kokk i Hå?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, samt regionalt vitensenter for Sørvestlandet.
Museet har ca 70 årsverk og driv 12 ulike besøksanlegg i sju kommunar, i tillegg til det omreisande vitensenteret Science Circus.
Jærmuseet er ein vitskapleg institusjon som skal dokumentera regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling. Museet er ein møteplass mellom natur, kultur og teknologi. Me inviterer publikum til å utforska kunnskap gjennom aktivitetar og opplevingar.
"Å samkøyra formidlingskonsept som har utgangspunkt både i vitensentera og musea sin kompetanse og formidlingstradisjon, er gjort med stort hell mellom anna på Jærmuseet, der dette òg er organisatorisk samkøyrt i same institusjon. Kulturdepartementet ser gjerne meir utveksling mellom vitensenter og museum, der dette er naturleg, i tida som kjem." Meld. St. 23 (2020–2021) Musea i samfunnet — Tillit, ting og tid
Jærmuseet har årleg eit samla besøk på ca 200.000.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 7e588ea3-9962-4208-82d1-9b949783bbca. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
15 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Jærmuseet.
Vidar Skjerahaug
Kaféansvarleg kokk Vitengarden
+47 976 70 313