Automatisk trafikkontroll (ATK) er eit viktig verkemiddel for å redusere ulykker og bidra til tryggare trafikk på norske vegar. No søkjer vi ein IT/OT-spesialist som vil vere med og vidareutvikle fagområdet og sikre robuste, sikre og framtidsretta løysingar.
Kjenner du deg igjen i skjeringspunktet mellom teknologi, drift, tryggleik og samfunnsoppdrag? Synest du det er spennande å sjå samanhengen mellom system, dataflyt, infrastruktur og teknologi ute i felt? Då kan dette vere arbeidsområdet for deg.
Du blir ein del av ATK-seksjonen i Trafikksikkerhetsavdelingen, der du vil bidra til å utvikle og forvalte nasjonale løysingar som har direkte betydning for trafikktryggleiken i Noreg. Rolla kombinerer teknologiforståing, fagutvikling, leverandørdialog og strategisk arbeid, og gir gode høve til å påverke utviklinga av eit viktig nasjonalt fagområde.
Som Senioringeniør (ATK-medarbeider) med hovudfokus på IT/OT-løysingar vil du bidra til forvaltning, koordinering og vidareutvikling av den nasjonale ATK-porteføljen.
Du vil mellom anna få jobbe med å;
I det daglege vil du samarbeide tett med fagpersonar innan trafikktryggleik, IT, arkitektur, drift, leverandørmiljø og andre interne og eksterne samarbeidspartnarar.
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
utleieobjekter i hele landet
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir
Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.
For å lykkast i rolla trur vi at du:
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering.
Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket på kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.
Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
I Transport og samfunn jobbar vi for heile transportsystemet. Vi har sektoransvar for trafikktryggleik, klima- og miljøområdet, for fagkompetanse på heilskapleg bypolitikk, kollektivtransport, arbeidd med byvekstavtalar, bypakkar og bompengefinansiering, og dessutan samfunnstryggleik og beredskap.
Kvar einaste dag bidreg vi til at det blir utvikla ny kunnskap og vi legg til rette for bruk av ny teknologi.
Divisjonen har om lag 800 medarbeidarar over heile landet.