Meistring og psykisk helse, Stad kommune
Meistring og psykisk helse, Stad kommune søker miljøterapeut og fagarbeidar i barneavlastinga i Nordfjordeid. Vikariat, heltid. Krav: bachelorgrad eller fagbrev, 1-3 års erfaring, førerkort B. Turnus. Søknadsfristen er 29. november 2026.
Skrevet av Meistring og psykisk helse, Stad kommune
Ønskjer du ein meiningsfull og variert arbeidskvardag med faglege utfordringar og gode kollegaer? Då kan dette vere stillinga for deg!
Barneavlastinga i Stad kommune har ledig to vikariat:
Barneavlastinga er ein del av eininga Meistring og psykisk helse og gjev avlastingstilbod til familiar med særleg tyngjande omsorgsoppgåver. Barna og ungdomane som nyttar tilbodet, har ulike behov for omsorg, støtte, oppfølging og tilrettelegging. Avdelinga har også ansvar for eit individuelt tilrettelagt tiltak med 2:1-bemanning.
Hos oss får du arbeide tett på barn og unge og bidra til eit trygt og godt omsorgs- og bumiljø, med fokus på meistring, utvikling og gode opplevingar i kvardagen. Vi har eit godt fagmiljø der samarbeid, engasjement og kvalitet i tenestene står sentralt.
60 % vikariat - miljøterapeut
Turnusen er lagt opp med langvakter knytte til eit individuelt tilrettelagt tiltak med 2:1-bemanning, i tillegg til vakter i Barneavlastinga. Det er arbeidshelg kvar fjerde helg, med langvakter.
100 % vikariat – barne- og ungdomsarbeidar
Turnusen er lagt opp med seinvakter, langvakter og nattevakter i barneavlastinga. Det er arbeidshelg kvar fjerde helg, med langvakter.
Begge stillingane inkluderer 20 % frie timar. Dette inneber at ein del av arbeidstida ikkje er fastsett i den ordinære turnusen, men blir disponert etter nærare avtale og behov i avdelinga.
Vi ser etter deg som er engasjert, omsorgsfull og ønskjer å gjere ein skilnad i kvardagen til barn og unge. Du må kunne arbeide sjølvstendig, ta ansvar og samstundes trivast med tett samarbeid med kollegaer.
Spesifiser i søknaden kva stilling du søkjer på.
Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du kontakte avdelingsleiar Stine Takle Piel tlf 41457801
Stine Takle Piel, Avdelingsleiar barnebustad, 41457801, stine.takle.piel@stad.kommune.no
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5203118435
Stillingsprosent: 100, 60%
Vikar
Søknadsfrist: 29.11.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 81 jobber for miljøarbeidere innen sosiale fagfelt i Vestland de siste 90 dagene.
635 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 590 000 og 690 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 34 andre ledige jobber for miljøarbeidere innen sosiale fagfelt i Vestland nå, hos 27 arbeidsgivere. 16 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som miljøterapeut og fagarbeidar i barneavlastinga i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som miljøterapeut og fagarbeidar i barneavlastinga i Stad?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har ingen andre ledige stillinger hos oss nå, men de har lyst ut 4 stillinger siden juli 2026.
www.stad.kommune.noOrg.nr 933212254
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 758b94db-68ef-400c-88a2-0f16dfe76f51. Se den hos Nav
Frist
8 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Meistring og psykisk helse, Stad kommune.
Stine Takle Piel
Avdelingsleiar barnebustad
stine.takle.piel@stad.kommune.no+47 414 57 801