Vil du jobbe tett på barn, unge og familiar - og vere med på å gjere ein forskjell tidleg i livet?
Vi søkjer ein engasjert familierettleiar til eit spennande vikariat i psykisk helseteam for barn og unge, med varighet på inntil 15 månedar i perioden 01.10.2026-31.12.2027. Hos oss blir du del av eit lite og dedikert fagmiljø, med stort engasjement for tidleg innsats, relasjonelt arbeid og å bidra til positiv utvikling hos barn og unge. Vi kan tilby ein innhaldsrik og meiningsfull kvardag med oppfølging av familiar i ulike livssituasjonar, der du som familierettleiar får stor tillit og ansvar i det sjølvstendige arbeidet.
Du blir ein del av eit tverrfagleg team med psykolog og familierettleiar (begge i 100% stilling), som arbeider både klinisk og systemisk med barn, unge og familiar. Vi er opptekne av tidleg innsats og forebygging, god relasjonsbygging, og å sjå ressursane i og rundt barnet.
Arbeidskvardagen er variert og inkluderer både direkte arbeid med familiar, til dømes individualsamtalar med barn og unge, familiesamtalar og foreldrerettleiing, og samarbeid med relevante tenester rundt barnet.
Stillinga er organisert i eining Barn, familie og helse, og ein har stort fokus på tverrfagleg samarbeid innad i eininga med mål om god, tidlig innsats. Arbeidsstad er rådhuset på Valderøya.
Vi ser etter deg som både har fagleg tryggleik og eit ekte engasjement for arbeid med barn, unge og familiar. Vi ønsker ein engasjert medarbeider som ønsker å vere med på å gjere ein forskjell for familiane i kommunen, samt å vere med på å styrke det faglege fellesskapet i teamet.
Praktisk informasjon
Høyrest dette ut som noko for deg? Vi ser fram til å høyre frå deg!
Gretha Giske, einingsleiar, +47 97028234
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5148230881
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 17.07.2026
Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.