Vi har ledig ei 100% fast stilling som ergoterapeut frå snarest, og vi ser etter deg som har autorisasjon som ergoterapeut, har engasjement for faget,
som har interesse for oppfølging av eldre og som evner å samarbeide på tvers av
faggrupper. Dette for å gi best mogleg oppfølging av dei eldre i kommuna vår. Eit
av kommuna sine mål er at eldre kan bu lengre i eigen heim med god livskvalitet
og difor vil det vere gunstig om du har erfaring med tilrettelegging og
oppfølging i heimen.
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte med fokus på både forebygging og oppfølging ved funksjonstap. Vi ser etter ein ergoterapeut som trivst med individuell oppfølging, undervisning og ulike gruppetilbud. Vi håper også at vi får tilsett ein ergoterapeut som med sin kunnskap og engasjement har lyst til å påvirke tilbodet til eldre i Giske kommune.
Fysio- og ergoterapiavdelinga i Giske kommune har kontor på omsorgssenter på Valderøya og er organisert under eining Barn, familie og helse. Vi har for tida 3,5 årsverk fysioterapeuter samt 2.0 årsverk ergoterapeuter. Hjelpemiddellageret og velferdsteknologi er også organisert i Fysio- og ergoterapiavdelingen.
Vi vurderar søknaden din på bakgrunn av den informasjonen du har sendt oss når søknadsfristen har passert. Det er derfor viktig at du i søknaden legger ved relevante vitnemål og attester.
Det kan bli endringar i arbeidsoppgåver ut frå behov.
I tillegg til formell kompetanse vil personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga også bli vektlagt.
Gitte Myklebust, avdelingsleiar, 95990838
Gretha Giske, einingsleiar, 97028234
Valderhaug 4
6050 Valderhaugstranda
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5145076545
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.07.2026
Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.