Er du ein engasjert ergoterapeut som brenn for å gjere ein forskjell i kvardagen til andre? Vi har ledig vikariat i 100% stilling frå 01.09.26 til 20.09.27. Stillinga er på dagtid.
Vi søkjer ein engasjert ergoterapeut som ønsker å gjer ein forskjell i kvardagen til menneske i Herøy. I denne rolla vil du vere ein sentral fagperson i heimetenesta, med ansvar for tenesta praktisk bistand, og for å kartlegge og vurdere brukarane sitt funksjonsnivå. Arbeidet ditt vil omfatte vurdering av behov for reinhald, middagslevering og hjelp til handling, samtidig som du koordinerer arbeidslister knytt til desse tenestene.
Du vil også ha ansvar for korttidslageret for hjelpemiddel i kommuna.
Vi er i ein prosess med digitalisering av hjelpemiddellageret, og du vil få ei nøkkelrolle i å implementere denne løysninga og bidra til at vi tek den i bruk på ein god måte.
Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Autorisasjon og godkjend politattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkjerlista kan verte offentlegjort.
Maria Kristin Kvalsvik, Seksjonsleiar, +47 99210059
Sjukeheimsvegen 5
6092 FOSNAVÅG
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5146106236
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 08.07.2026
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.