Det er ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar ved helsestasjonen. I tillegg kan det bli ledig eit vikariat i 100% stilling frå august. Oppgi i søknaden om begge er aktuelle for deg eller ikkje.
Helsestasjonen er organisert i eining Barn, familie og helse saman med barnevern, tenesta for psykisk helsearbeid for barn, unge og familiar, fysio- og ergoterapitenesta, flykningtenesta og legetenesta. Det er lagt stor vekt på samarbeid med dei andre tenestane i kommunen.
Helsestasjonen har til saman 12 tilsette og avdelingsleiar er næraste overordna.
Det er krav om politiattest av ny dato.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
Tone Marie Giskegjerde, avdelingsleiar, 41701899
Gretha Giske, einingsleiar, +47 97028234
Valderhaug 4
6050 Valderhaugstranda
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5150486324
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 09.07.2026
Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.