Askvoll kommune Heimetenester
Askvoll kommune Heimetenester søker ledige faste stillingar som helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar ved heimetenesta Askvoll i Askvoll. Fast, deltid. Krav: fagbrev, førerkort B. Turnus. Søknadsfristen er 10. desember 2026.
Skrevet av Askvoll kommune Heimetenester
Vi søkjer etter engasjerte helsefagarbeidarar som vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer som deler kunnskap og samarbeider godt med mål om og skape gode dagar for bebuarane våre. Vi kan attpåtil tilby langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. Dette i staden for ordinære vakter kvar tredje helg.
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, difor treng vi fagpersonar med god kompetanse som ser behova i heilskap.
Heimetenesta i Askvoll kommune yter helse og omsorgstenester til innbyggjarar som bur i eigen heim og i omsorgsbustadar. Tenesta omfattar mellom anna heimesjukepleie, praktisk bistand og oppfølging av brukarar med ulike behov . Vi arbeider for at den enkelte skal kunne bu lengst mogleg i eigen heim, oppleve tryggleik, meistring og ha ein aktiv og meiningsfull kvardag.
Vi har følgjande ledige stillingar som helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar, med arbeid etter 35,5 t/veke og på helg:
Ver venleg å oppgje i søknadsteksten kva stilling du søkjer på.
Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart.
Ta kontakt om du har spørsmål om stillingane.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema:
Søk herAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 166 jobber for helsefagarbeidere i Vestland de siste 90 dagene.
610 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 545 000 og 645 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 63 andre ledige jobber for helsefagarbeidere i Vestland nå, hos 48 arbeidsgivere. 12 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som helsefagarbeider i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som helsefagarbeider i Askvoll?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 2 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 3 stillinger siden juli 2026.
Org.nr 974615517
Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har i underkant av 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Askvoll kommune Heimetenester: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 6aa26e99-16c5-43e5-9d6f-bf39d00989c8. Se den hos Nav
Frist
14 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker, og få CV og søknadsbrev skrevet for jobben.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Askvoll kommune Heimetenester.
Lillian Vårdal
Einingsleiar heimetenesta
lillian.vardal@askvoll.kommune.no+47 577 34 508