Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Du vil då få kombinera solid økonomistyring og personalleiing med utvikling av ei viktig samfunnsteneste.
SIM er eit interkommunalt renovasjonsselskap for sju kommunar i Sunnhordland. Med ambisiøse miljømål skal me vidareutvikla tenestene våre og no ser me etter ein fagleg sterk og trygg leiar som vil bidra i dette arbeidet.
Du får ei brei rolle innan økonomi, administrasjon, kundemottak og forvaltning. Du vert ein del av leiargruppa og rapporterer til dagleg leiar.
• leia administrasjons- og økonomiavdelinga med personalansvar for medarbeidarar innan kundemottak og økonomi
• overordna ansvar for budsjett, rekneskap, prognosar, analysar og rapportering
• førebu økonomiske avgjerdsgrunnlag til leiing og styre
• sikra god internkontroll og vidareutvikla avdelinga
• ansvar for sjølvkost, gebyrgrunnlag og vidareutvikling av gebyrmodellen
• overordna ansvar for forvaltningsarbeidet og delta i sakshandsaminga
• minimum bachelorgrad innan økonomi og solid erfaring med økonomistyring
• erfaring med personalansvar og trivst med å leia og utvikla medarbeidarar
• analytisk, strukturert og trygg i økonomiske vurderingar
• ein tydeleg og tilgjengeleg leiar som føl opp medarbeidarane, prioriterer godt og skapar samarbeid
• erfaring frå kundehandsaming og offentleg forvaltning er ein fordel
Du får ei sentral og variert leiarstilling med høve til å påverka ei viktig samfunnsteneste. Me tilbyr gode pensjonsvilkår, fleksitid, heimekontor, moderne lokale på Stord og lønn etter avtale.
Arbeidsstad: Heiane, Stord
Søknadsfrist: 22. november 2026
Har du spørsmål om stillinga? Kontakt med dagleg leiar Ole Johannes Støle på 913 97 670
Send søknad og CV til: sim@sim.as
Du kan be om unntak frå offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25. Opplysningar om deg kan bli offentlege sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla dersom ynskje ikkje vert innvilga.
Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) driv avfallshandsaming for kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. SIM driv sju miljøsentralar, komposteringsanlegg, omlastehall og deponi. Hovudkontoret ligg på Heiane, Stord kommune. Selskapet har 33 fast tilsette. Årsomsetninga er om lag 100 millionar kroner.