Gol kommune Gol helsetun institusjon
Gol kommune Gol helsetun institusjon har en ledig stilling i Gol. Fast, heltid. Krav: fagbrev, 1-3 års erfaring. Turnus. Søknadsfristen er 31. desember 2026.
Skrevet av Gol kommune Gol helsetun institusjon
Gol Helsetun er eit sjukeheim med 32 plassar fordelte på korttids-, rehabiliterings- og langtidsopphald, inkludert eiga avdeling for personar med demens. Hos oss møter du engasjerte og dyktige medarbeidarar med høg fagleg kompetanse, i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Stillinga inngår i turnus med dag- og kveldsvakter, samt arbeid kvar tredje eller fjerde helg med langvakter.
Vi har eit tett tverrfagleg samarbeid med heimetenesta, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og psykisk helse for å sikre heilskaplege og trygge pasientforløp. Personsentrert omsorg er grunnlaget for arbeidet vårt, og vi legg stor vekt på å møte kvar einskild pasient med respekt, verdigheit og medverknad.
Som ein del av utviklingsarbeidet ved Gol Helsetun satsar vi på fagutvikling, kvalitetsforbetring og styrking av det tverrfaglege samarbeidet. Helsefagarbeidarar er ein viktig del av fagmiljøet vårt og har ei sentral rolle i å sikre gode tenester til pasientane.
Frå 1. januar 2027 tek vi i bruk 10 nyoppussa korttidsplassar. Dette vil styrkje tilbodet vårt ytterlegare og bidra til vidare utvikling av tenestene ved Gol Helsetun.
Arbeidsoppgåver
• gje heilskapleg pleie, omsorg og oppfølging til pasientar ut frå individuelle behov og mål
• utføre observasjonar, dokumentasjon og tiltak i samarbeid med sjukepleiar og andre faggrupper
• bidra til å ivareta meistring, tryggleik og livskvalitet gjennom personsentrert omsorg
• samarbeide med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar for å sikre gode pasientforløp
• bidra til fagleg forsvarlege helse- og omsorgstenester i tråd med gjeldande lovverk, retningslinjer og kvalitetskrav
• delta aktivt i tverrfagleg samarbeid, kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid
• bidra til opplæring og rettleiing av elevar, lærlingar og nytilsette
• bidra til bruk og vidareutvikling av velferdsteknologiske løysingar i tenesta
Kvalifikasjonar
• autorisasjon som helsefagarbeidar
• gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, minimum nivå B1
• erfaring frå arbeid med eldre, demensomsorg, rehabilitering, psykisk helse, palliasjon eller velferdsteknologi er ønskjeleg
• god digital kompetanse og interesse for bruk av teknologi som bidreg til kvalitet og utvikling i tenestene
• nyutdanna blir også oppmoda om å søkje
Vi ønskjer at du:
• har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
• arbeider sjølvstendig, er strukturert og tek ansvar for eigne oppgåver
• er fleksibel og handterer ein variert og tidvis travel arbeidskvardag
• trivst i eit arbeidsmiljø i utvikling og viser vilje til omstilling og forbetringsarbeid
• har fagleg engasjement, er utviklingsorientert og motiverast av nye utfordringar
• bidreg aktivt til kunnskapsdeling, samarbeid og kvalitetsutvikling
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
• ein triveleg og inkluderande arbeidsplass med god opplæring, tett oppfølging og fagleg rettleiing
• varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver med moglegheit til å påverke og vidareutvikle tenestene våre
• gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom kurs, kompetanseheving og relevant hospitering
• deltaking i faglege forum og tverrfaglege samarbeidsarenaer.
• støtte til relevant vidare- og etterutdanning
• moglegheit til å arbeide med eit breitt spekter av pasientgrupper med ulike diagnosar, funksjonsnivå og hjelpebehov
• turnusordning med arbeid kvar tredje eller fjerde helg
• ein arbeidsplass i utvikling, med satsing på personsentrert omsorg, fagutvikling og velferdsteknologi
• eit godt og engasjert fagmiljø med dyktige kollegaer og høg kompetanse
• flotte naturopplevingar rett utanfor døra med gode moglegheiter for friluftsliv, turar, sykling, ski og andre aktivitetar året rundt
• gratis trening på treningssenter
• gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Vi ønskjer medarbeidarar som vil vere med på å forme framtidas helse- og omsorgstenester i Gol kommune.
For stillinga gjeld
• tilsetjing etter gjeldande lov- og avtaleverk
• pensjonsordning i KLP
• arbeid dag og kveld. Vi har eigne nattevakter
• tilsetjing skjer fortløpande
Send søknad
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
Alle søkjarar vil få stadfesting på at søknaden er motteken dersom korrekt e-postadresse er registrert i søknaden.
Søknadsfrist: 31.12.26
For stillingane gjeld det krav om politiattest før tilsetjing. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden, men må leverast dersom du får tilbod om stillinga.
Aktuelle kandidatar blir vurderte og kalla inn til intervju fortløpande.
Link til søknadsskjema:
Søk herAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 54 jobber for helsefagarbeidere i Buskerud de siste 90 dagene.
610 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 545 000 og 645 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 15 andre ledige jobber for helsefagarbeidere i Buskerud nå, hos 13 arbeidsgivere. 4 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger i Gol
Vil du vite når det kommer nye stillinger i Gol?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 2 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 4 stillinger siden juli 2026.
Org.nr 988450537
Gol er den største kommunen i Hallingdal med ca. 4.700 innbyggere. Vi satser på utdanning, innovasjon og forskning. Vi er enige om at: «det er samarbeid som former framtida». Vi kan by på svært gode muligheter for en aktiv fritid, både innen friluftsliv og kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol har et koselig og innbydende sentrum, som er et knutepunkt i regionen. Vi er Hallingdals handelssentrum med mange og varierte butikker. Gol ligger midt mellom øst og vest med kort vei både til Oslo og Bergen. Det er Bergensbanen som skaper god forbindelse mellom oss og Norges to største byer. Kommunen er inkluderende og familievennlig. Vi har både ny grunnskole og ny flerbrukshall, god barnehagedekning og et variert skoletilbud i videregående skole.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 69e4c34b-f83d-4d14-b444-0ea27a6f1f54. Se den hos Nav
Frist
40 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Gol kommune Gol helsetun institusjon.
Linda Muggerud Anderssen
Virksomhetsleiar
linda.anderssen@gol.kommune.no+47 916 73 979