Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune
Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune søker rektor Ungdomsskulen i Ørsta. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 4+ års erfaring. Søknadsfristen er 31. desember 2026.
Skrevet av Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune
Er du den rette til å leie og vidareutvikle ein framtidsretta ungdomsskule med engasjerte tilsette og nyrenoverte skulelokale?
Ved Ørsta ungdomsskule har vi ledig 100 % fast stilling som rektor frå 01.02.2027. Tiltreding etter avtale.
Stillinga er plassert i kommunalområde Oppvekst, kultur og inkludering.
Ørsta ungdomsskule er ein rein 8.–10.-skule med omlag 370 elevar og 65 tilsette, og er ein av dei største kommunale grunnskulane i Ørsta kommune.
Skulen ligg sentralt i Ørsta – i hjartet av Sunnmørsalpane.
Skulen har eit leiarteam sett saman av rektor, to assisterande rektorar og to trinnleiarar.
Ørstaskulen sine overordna mål er:
I Ørstaskulen har vi langsiktig, heilskapleg satsing på å betre læringa til elevane, m.a. gjennom særleg fokus på lesing og læringsstrategiar i alle fag, å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø og ha fokus på relasjonskompetanse, fysisk og psykisk helse. Vi arbeider systematisk med tidleg innsats og tverrfagleg samhandling gjennom modellen Betre Tverrfagleg Innsats (BTI), og legg stor vekt på elevmedverknad, inkludering og førebygging av utanforskap. Alle lærarar deltek i lærande nettverk på eigen skule og mellom skulane i kommunen. Rektorane deltek i nettverksarbeid på skuleleiarnivå gjennom skuleleiarmøta i kommunen og leiarsamlingar i Sjustjerna.
Ørstaskulen satsar også sterkt på digital kompetanse som grunnleggande ferdigheit med Chromebooks og Google Workspace for Education Plus som hovudverktøy.
Som rektor har du det overordna pedagogiske, personalmessige og økonomiske ansvaret for skulen, og er ein del av kommunalsjefen si leiargruppe. Tenesteleiar har eit sjølvstendig ansvar for budsjett, personal og fagtilbod i si eining slik som mellom anna:
Meistringsorientert leiing er eit sentralt stikkord som er knytt til dei forventingane som vil verte stilte til deg som leiar. Kommunen nyttar leiaravtale og resultatsamtale som del av det kommunale styringssystemet.
Vi søkjer ein rektor som har:
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju, også gruppeintervju kan vere aktuelt. Referansar vert nytta.
Ørsta kommune har gode
forsikringsordningari KLP for sine tilsette, som også inkluderer frivillig ulykkesforsikring på fritida.Som lærar blir du medlem i
Statens pensjonskasse, som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør og dine næraste kan ha rett til etterlattepensjon når du døyr. Du kan også få gode vilkår på bustadlån.Stillinga er plassert i HTV kap. 3.4.2
Stillingskode 9951 - rektor
Løn etter avtale.
Arbeidsvilkår: jf. HTA §6.3, elles i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova §25 kan søkjaren sjølv be om at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste, men må grunngje dette i søknaden. Søkjaren sine behov vil verte vurderte konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Pål Einar Brekke, Kommunalsjef oppvekst, kultur og inkludering, 47 62 34 18, pal-einar.brekke@orsta.kommune.no
Ripateigane 2
6153 Ørsta
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 5211296353
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 146 jobber for ledere av utdanning og undervisning i hele landet de siste 90 dagene.
910 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 835 000 og 995 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 2 andre ledige jobber for ledere av utdanning og undervisning i Møre og Romsdal nå, hos 2 arbeidsgivere.
Se alle ledige stillinger som rektor i Møre og Romsdal
Vil du vite når det kommer nye stillinger som rektor i Ørsta?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 2 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 5 stillinger siden juli 2026.
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 638804d3-6b9b-45d9-81af-ca345998875d. Se den hos Nav
Frist
35 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen i fanen Lagret på Stillinger.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker, og få CV og søknadsbrev skrevet for jobben.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune.
Pål Einar Brekke
Kommunalsjef oppvekst, kultur og inkludering
pal-einar.brekke@orsta.kommune.no+47 476 23 418