Giske kommune, Giske barnehage
Giske kommune, Giske barnehage søker pedagogisk leiar - vikariat ved Giske barnehage i Giske. Vikariat, deltid. Krav: bachelorgrad. Søknadsfristen er 23. november 2026.
Skrevet av Giske kommune, Giske barnehage
Vi har ledig 60% stilling som pedagogisk leiar ved Giske barnehage frå 21.12.2026 til 31.03.2027, med moglegheit for forlenging.
Barnehagen har fire avdelingar med omlag 65 barn. Barnehagen ligg midt på øya Giske med si unike historie, rike kulturliv og flotte natur.
Vår visjon er «Saman i tryggleik og undring», og våre satsingsområde er livsmeistring, inkludering og språk. Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
I Giske barnehage ønsker vi at barna si læring skal vere heilskapleg og meiningsskapande. Arbeidsmåten vår er i stor grad prosjektbasert. Det vil blant anna seie at læring alltid skal henge saman med leik, omsorg og danning, og læringa bør ha ein relevans i forhold til den verda barna tilhøyrer og dei krav livet stiller dei ovanfor. Målet er å finne balansen mellom eit pedagogisk innhald som tek utgangspunkt i barnet som skapande og lærande subjekt, og den verkelegheita barnet tilhøyrar med dei fysiske, sosiale og kulturelle rammene det lever innanfor.
Vi arbeider pedagogisk og systematisk med planlegging-, dokumentasjon- og vurderingsarbeid, og vi arbeider kvar dag for å sikre god kvalitet gjennom godt utarbeidde prosedyre og planar.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Menn blir oppmoda om å søkje.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Elias Martinus Valderhaug, einingsleiar, +47 91313027
Bedehusvegen 5
6052 GISKE
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5205056885
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 21.12.2026
Sluttdato: 31.03.2027
Søknadsfrist: 23.11.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 88 jobber for barnehage- og skolefritidsassistenter mv. i Møre og Romsdal de siste 90 dagene.
500 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 455 000 og 540 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 58 andre ledige jobber for barnehage- og skolefritidsassistenter mv. i Møre og Romsdal nå, hos 53 arbeidsgivere. 9 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som pedagogisk leiar - vikariat ved giske barnehage i Møre og Romsdal
Vil du vite når det kommer nye stillinger som pedagogisk leiar - vikariat ved giske barnehage i Giske?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 5d57751c-8eab-428a-8213-aad6459af1d3. Se den hos Nav
Frist
2 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Giske kommune, Giske barnehage.
Elias Martinus Valderhaug
einingsleiar
+47 913 13 027