Vindafjord kommune Helse og omsorg
Vindafjord kommune Helse og omsorg søker fastlegar i vikariat i Ølen. Vikariat, heltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring, førerkort B. Skift. Søknadsfristen er 30. november 2026.
Skrevet av Vindafjord kommune Helse og omsorg
Vi søkjer vikarar for fastlegar i fødselspermisjon ved Ølen legekontor og Vindafjord Legesenter i Vindafjord. Vi søkjer to legar med gjennomført LIS1, gjerne spesialistar i allmennmedisin, som ønskjer eit vikariat i eit organisert fagmiljø. Fastlegeheimlane har 950 pasientar kvar. Vikariata varer frå 04.01.2027 til 31.01.2028, med moglegheit for forlenging.
Ølen legekontor ligg i Ølen og er eit kommunalt drive legekontor. Her arbeider sju fastlegar, ein LIS1-lege, helsesekretærar og ein sjukepleiar.
Vindafjord Legesenter ligg i Isvik/Skjold og blir drive av SmartLegen. Her arbeider fem fastlegar, ein LIS1-lege, helsesekretærar og sjukepleiarar.
Legekontora er velfungerande og har effektiv pasientflyt, breitt tverrfagleg samarbeid og gode moglegheiter for fagleg sparring. Praksisane er lagde til rette for høg kvalitet i det allmennmedisinske arbeidet.
Kommunen har eiga legevakt, organisert med delt vaktordning. Det blir gitt forhøgd beredskapskompensasjon og fri med lønn påfølgjande yrkedag etter nattevakt, uavhengig av aktivitet.
Spesialitet i allmennmedisin er ein fordel, men ikkje eit krav.
Ved arbeid i helse og omsorg skal du leggja fram godkjend politiattest.
Dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månader, skal du leggja fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før du startar i jobben. Personell i helse og omsorg skal òg leggja fram helseopplysningsskjema i samband med MRSA.
Vindafjord kommune ligg i Rogaland, med kort veg til både by og natur. Området byr på fjord, fjell og gode friluftsmoglegheiter året rundt. Samstundes gjer pendleavstanden til større byar kvardagen fleksibel. Lokalsamfunnet er trygt og aktivt, med gode tilbod til innbyggjarane.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema:
Søk herAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 38 jobber for allmennpraktiserende leger i Rogaland de siste 90 dagene.
945 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 775 000 og 1 365 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 17 andre ledige jobber for allmennpraktiserende leger i Rogaland nå, hos 15 arbeidsgivere. 6 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som fastlegar i vikariat i Rogaland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som fastlegar i vikariat i Vindafjord?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.
Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.
Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 5cafb258-2994-4214-928b-49a9880a17d5. Se den hos Nav
Frist
9 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Vindafjord kommune Helse og omsorg.
Lajla Skartland Eikeland
Avdelingsleiar
lajla.skartland.eikeland@vindafjord.kommune.no+47 905 11 781