Helse Bergen HF
Helse Bergen HF søker faste stillingar for sjukepleiar og vernepleiar frå sommaren 2027 i Psykiatrisk klinikk i Bergen. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad. Turnus. Søknadsfristen er 29. november 2026.
Skrevet av Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe i Psykiatrisk klinikk.
Vil du vere med og vidareutvikle eit viktig og framtidsretta behandlingstilbod i psykisk helsevern? Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern.
Vi håpar du vil vere med på reisa vår!Psykiatrisk klinikk tilbyr spesialisert vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering for vaksne over 18 år. Klinikken vår består av Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling for Stemningslidingar, Avdeling spesialisert psykosebehandling, Regional Avdeling Spiseforstyrringar og Avdeling alderspsykiatri.
* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S1/S6 søker sjukepleiar/vernepleiar. 2-delt turnus og kvar 2. helg i sommarperioden
* Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S3/S4/S5 søker sjukepleiar/vernepleiar. Noko 3-delt turnus og kvar 3. helg i sommarperioden
* Psykiatrisk akuttmottak, PAM1/PAM2 søker sjukepleiar/vernepleiar. Noko 3-delt turnus og 2. kvar helg i sommarperioden
* Seksjon for Alderspsykiatri, døgneining søker sjukepleiar/vernepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg
* Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS) søker sjukepleiar, 2-delt turnus og 4. kvar helg. 2-delt turnus, 3. kvar helg og noko natt i sommarperioden
Kandidatar vil bli tilsett i 100% fast stilling ved Psykiatrisk klinikk, pt i sommarturnus ved ein avdeling. Frå hausten 2027 kan stillinga bli ved same avdeling eller ved annan avdeling i Psykiatrisk klinikk.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Avdeling Stemningslidingar har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og avdelinga tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.
Seksjon S1 er lukka døgnseksjonar med 8 ordinære døgnplassar og 3 psykiatriske instensivplassar medan Seksjon S6 har 12 døgnplassar. Vi tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Behandlarteamet er sett saman av psykiatriske sjukepleiarar og vernepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, psykiater, psykologspesialist, og lege i spesialisering (LIS1 og LIS3).
Vi søker etter sjukepleiarar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit aktivt miljø med varierande utfordringar.
Kontakt, Seksjon S1: Marte Bjørgve, Tlf. 55958712
Kontakt, Seksjon S6: Jan Legreid, Tlf. 55958762
Akutt psykose, Seksjon S3, S4 og S5 er akutte, lukka poster med 9 og 12 sengeplassar og er skjerma einingar for menneske med psykoselidingar. Seksjonane er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Opgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt Seksjon S3: Mari Lerum, Tlf. 55958722.
Kontakt Seksjon S4: June Bønæs Nødtvedt, Tlf. 55958848
Kontakt Seksjon S5: Liv Mala, Tlf. 55958755
PAM1/PAM2 har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Postane er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst.
På sengepostane får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg. Hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest.
Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, sosionom, fysioterapeut og sjukepleiarkollega. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar.
Kontakt: Mariette Sløk Kronheim, Tlf. 55976827 eller Talia Indrebø Mellebye, Tlf 41320568
Arbeidsoppgåver
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5205513456
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 197 jobber for sykepleiere i Vestland de siste 90 dagene.
680 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 615 000 og 740 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 17 andre ledige jobber for sykepleiere i Bergen nå, hos 16 arbeidsgivere. 3 av dem kom den siste uken.
Vil du vite når det kommer nye stillinger som faste stillingar for sjukepleiar og vernepleiar frå sommaren 2027 i psykiatrisk klinikk i Bergen?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 6 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 19 stillinger siden juli 2026.
www.helse-bergen.noOrg.nr 974557746
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 5c6a117a-a222-44a5-a445-d084800cd83c. Se den hos Nav
Frist
8 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Helse Bergen HF.
Sjå kontaktperson
oppgitt for den enkelte avdelinga