Fjord1 - Maritim Drift
Fjord1 - Maritim Drift søker maskinsjef MF Raunefjord - Vi dekker reise i Bokn. Fast, heltid. Dagtid. Søknadsfristen er 1. desember 2026.
Skrevet av Fjord1 - Maritim Drift
Vi søker no etter ein maskinsjef til sambandet Arsvågen–Mortavika, p.t. MF Raunefjord.
Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Reise til og frå arbeidsperiodane blir dekt av Fjord1. Dette er ei ordning som gir god balanse mellom jobb, familieliv og fritid.
Arbeid om bord gir verdifull erfaring og ettertrakta kompetanse innan drift av gassfartøy. Som maskinsjef får du ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du har ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vert ein nøkkelperson for å halde høg driftssikkerheit i sambandet. Om bord finn du eit inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegaer og ein triveleg gjeng som skapar eit godt fellesskap.
Oppstart er så snart som mogleg, men endeleg oppstartstidspunkt blir avtalt nærare.
Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
E39
5561 Føresvik
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5211293328
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 10 jobber for skipsmaskinister i Rogaland de siste 90 dagene.
985 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 840 000 og 1 190 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 3 andre ledige jobber for skipsmaskinister i Rogaland nå, hos 3 arbeidsgivere. 1 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som maskinsjef mf raunefjord - vi dekker reise i Rogaland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som maskinsjef mf raunefjord - vi dekker reise i Bokn?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 11 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 45 stillinger siden juli 2026.
www.fjord1.noOrg.nr 974737647
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 56e809f5-925a-4bf8-b758-b70bb7ce39cb. Se den hos Nav
Frist
10 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Fjord1 - Maritim Drift.
Benedicte Ellingsen
Rekrutteringsmedarbeider
benedicte.ellingsen@fjord1.no+47 478 87 896