Nevrologisk avdeling, Helse Bergen HF
Nevrologisk avdeling, Helse Bergen HF søker LIS i Nevrologi. 2 faste stillingar og 3 årsvikariat med oppstart februar-mars i Bergen. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring. Turnus. Søknadsfristen er 19. november 2026.
Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
Vi har opningar på Nevrologisk avdeling, grip du sjansen for å vere med på "Hjernelaget"?
Nevrologi er eit spennande, allsidig og travelt fag. Kunnskap om hjernehelse er aukande etterspurt i samfunnet. Vi løyser utfordringar saman på tvers av yrkesgrupper. Vi tar raske avgjerder der det trengs, og gjer djupdykk i pasienthistoriar og litteratur for å avklare komplekse tilstandar. Godt, tverrfagleg samarbeid er avgjerande for resultatet, og vi jobbar støtt med å finne betre måtar å løyse oppgåvene på. Nysgjerrig på faget vårt?
Sjekk Nevropodden på Spotify!Som svar på aukande behov, har Helse Bergen frå 2025 satsa på forsterka nevrologisk forvakt. Vi har delte dag- og nattevakter i 17 vekers turnus.
Nevrologisk avdeling har ledig 2 faste stillingar for lege i spesialisering (LIS 2/3) i Nevrologi eller etter avtale, og vi lyser på same tid ut 3 årsvikariat og varigheit ut februar 2028, med gode høve for forlenging fram til spesialisering i Nevrologi. Vi ønsker oppstart i stillingane 1. februar-1. mars, eller etter avtale. Vikariat kan telle som del av spesialistutdanninga.
Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken, som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Som LIS i avdelinga blir du involvert i forbetringsarbeidet i avdelinga, og om du får vekt interesse for spesifikke felt innafor nevrologien, er det gode høve til fordjuping undervegs i spesialiseringa. Lenke til utdanningsplan Nevrologi HUS
Om du er interessert i forsking, er det god anledning for å kombinere klinisk spesialisering og forskarutdanning fram mot PhD. Vi har nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor fleire nevrologiske fagfelt knytt til avdelinga, som til dømes nevrodegenerative sjukdomar og MS, hjerneslag, nevroimmunologi, hodepine og epilepsi.
Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan og bli vurdert for vikariat hos oss dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar. Som Cand.med. i LIS-vikariat får du grupperettleiing på utfordringar i rolla som nyutdanna lege, og du får tilpassa oppgåver i forhold til erfaring og kompetanse.
Vi vil at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig, med god tilgang på råd og rettleiing undervegs. Leiinga for legegruppa arbeider saman med dei tillitsvalde og legekollegiet for å skape eit godt fag- og arbeidsmiljø basert på samhald, fag- og arbeidsglede og gjensidig respekt.
Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette. Vi legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen, til dømes fagleg fordjuping heime, der det er mogleg.
For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Petter Schandl Sanaker, Avdelingsjef, 55976059
Andreas Vetås, LIS-tillitsvalgt, andreas.brakvatne.vetas@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5205134936
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 19.11.2026
Søknadsfristen er 19. november 2026.
Jobben er i Bergen.
De ber om bachelorgrad. Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
De vil at du har litt erfaring, 1 til 3 år. Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Nevrologisk avdeling, Helse Bergen HF.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Frist · 15 dager til frist
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Andreas Vetås
LIS-tillitsvalgt
andreas.brakvatne.vetas@helse-bergen.noLagre søket, så sier vi fra på e-post når det kommer nye stillinger.
Sett opp jobbvarselDette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.