Sveio kommune har behov for støttekontakt til personar med psykisk utviklingshemming i ulik aldersgruppe. Me søkjer nå særskilt etter deg som har lyst å være støttekontakt for barn, ungdom og vaksne. Søknad kan leggjast inn kontinuerleg.
Støttekontaktar hjelper personer som har behov for sosial støtte i og utanfor heimen.
Normalt er eit oppdrag på 12-16 timar pr. månad, fortrinnsvis utført på ettermiddag. Oppdragsavtalen vert fornya årleg.
Å vere støttekontakt innebærer at du besøker brukar heime, eller drar ut på aktivitater som er tilpasse brukars funksjonsnivå. Dette kan vere kino, kafébesøk, bading i symjehall, gå ein tur, handarbeid, samtalar eller andre aktivitetar.
Støttekontakter hjelper personer som treng å bli tryggare på seg sjølv og som treng hjelp til å takle ulike livssituasjoner. Ein støttekontakt kan også bidra til at ein person kan klare å omgås andre mennesker i større grad.
Du bør ha fylt 18 år. Det vil være ein fordel om du kan disponere bil for å kunne dra ut på aktiviteter.
Brukar dekker eventuelle kostnader til aktiviteter.
Du treng ingen særskilte formelle kvaifikasjonar for å vera støttekontakt.
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.