Klepp kommune, Klepp tverrfaglige team (KKT)
Klepp kommune, Klepp tverrfaglige team (KKT) søker leiar Klepp tverrfaglege team i Kleppe. Fast, heltid. Krav: mastergrad eller bachelorgrad, 4+ års erfaring. Søknadsfristen er 26. november 2026.
Skrevet av Klepp kommune, Klepp tverrfaglige team (KKT)
Vil du vere med og vidareutvikle innsatsen for barn, unge og familiar i Klepp kommune?
Ønskjer du å vere ein del av ei engasjert og framtidsretta leiargruppe innan oppvekstområdet? Motiverast du av tverrfagleg samarbeid og av å skape gode tenester for barn, unge og familiar? Då kan dette vere stillinga for deg.
Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert leiar som brenn for tidleg innsats, samarbeid på tvers av fag og tenester, og for å finne gode løysingar saman med innbyggjarane. Me ønskjer oss ein leiar som ser moglegheiter, tek initiativ og tør å prøve nye vegar.
Klepp tverrfaglege team (KTT) er ei sentral og godt etablert teneste i kommunen, og eit godt døme på korleis oppvekstreforma blir omsett til praksis. Teamet gir tverrfagleg oppfølging til barn og unge i alderen 0–18 år og familiane deira. Gjennom tett samarbeid med den einskilde, familien og relevante tenester arbeider KTT for å finne ressursar, meistringsstrategiar og gode løysingar som bidreg til ein trygg og god oppvekst i Klepp.
KTT omfattar mellom anna kommunen sitt tilbod innan psykisk helse for barn og unge, og gjer foreldrerettleiing på lågterskel. Teamet har òg fleire andre oppgåver og ansvarsområde, tilpassa behova til barn, unge og familiar i kommunen. Tilsette med ulik fagleg bakgrunn og kompetanse samarbeider tett med familiar, barnehagar, skular og andre tenester for å sikre rett hjelp til rett tid.
Som leiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av tenesta og i arbeidet med å styrkje samhandlinga mellom oppvekst-, helse- og velferdstenestene i kommunen.
Me ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt
Gry Susanne Hetlelid, Oppvekstssjef, +47 41637049
Solavegen 1
4351 KLEPPE
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5208863292
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 53 jobber for ledere av omsorgstjenester for barn i hele landet de siste 90 dagene.
825 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 775 000 og 875 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 2 andre ledige jobber for ledere av omsorgstjenester for barn i Rogaland nå, hos 2 arbeidsgivere.
Se alle ledige stillinger som leiar klepp tverrfaglege team i Rogaland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som leiar klepp tverrfaglege team i Klepp?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 4a54c52f-12eb-4751-a831-a2a7f4ce4b8a. Se den hos Nav
Frist
5 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Klepp kommune, Klepp tverrfaglige team (KKT).
Gry Susanne Hetlelid
Oppvekstssjef
+47 416 37 049