Samnanger kommune søkjer ein engasjert og fagleg dyktig kokk til produksjonskjøkkenet ved Samnangerheimen.
Me ser etter deg som er oppteken av kvalitet, ernæring og gode måltidsopplevingar, og som ønskjer å bidra til at brukarane våre får smakfull, trygg og næringsrik mat kvar dag.
Som kokk ved Samnangerheimen vil du ha ei viktig rolle i å lage lunsj og middag til pasientar på institusjonen, middag til dagsenter, heimebuande og brukarar på Skottabakken bufellesskap|.
Kommunen har vedteke at bruken av ultraprosessert mat skal vere låg. Me ønskjer difor ein kokk som er oppteken av å lage næringsrik og velsmakande mat frå gode råvarer.
Stillinga er 100 % og omfattar om lag 80 % praktisk arbeid på kjøkkenet og 20 % administrative oppgåver.
Arbeid kvar 3. helg.
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Samnangerheimen og heimetenesta har integrerte tenester og ein jobbar både inne på Samnangerheimen og ute i heimetenesta. Ikkje berre får tilsette ulike arbeidsoppgåver og får avveksling i arbeidsdagen, men pasientane får tryggleik i å kjenna tilsette, uavhengig om dei er i egen heim eller kjem inn på Samnangerheimen.
Samnangerheimen er ein flott sjukeheim med 25 plassar og ligg i fine omgivelsa på Haga med utsikt utover Samnangerfjorden. Målsetjinga vår er at Samnangerheimen skal vera ei plass der det er godt å bu og saman jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.
I tillegg til langtidsplassar har Samnangerheimen som oppgåve å ta imot utskrivingsklare pasientar til korttidsopphald, rehabilitering, avlasting og palliativ pleie. Samnangerheimen har god fagdekning og høg kompetanse. Har eige produksjonskjøkken og me har stor fokus på det gode måltid og ernæring.
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV, PPT og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.