Vi søker inntil 5 kokker, som kan koke original thai mat, i matvogn(food truck), i Eidfjord sentrum. Sesongarbeider - inntil 6 mnd. arbeidsavtale.
Vi koker og serverer original thai mat - street food. Du må kunne thai mat, med dei forskjellige smakane og kryddera. Utover det får du opplæring i korleis våre rettar skal smake, slik at dei smaker likt - uansett kven som lager dei.
Du må vere fleksibel, då det vert litt skift, og helgejobbing.
Hovedoppgåva består i koking av thai mat. Men du må også i forkant vere med på forberedelsar som kutting av grønnsaker, skjæring av kjøtt osv. Daglig reinhold i vogna er også blant arbeidsoppgåvene. Betjening av kunder og kasse må påregnes.
Det som er viktig er at du kan koke original thai street food, er systematisk - og ser kva som skal gjerast - i forkant. Det er og til tider stort arbeidspress, og det er viktig og vera hurtig, ha god orden - same ting på same plass - så ein slepp leita etter ting, legga plan - forbereda - både for seinare same dag - og sjå kva vi treng for morgondagen - og vidare. Ha kontroll på varelager. Med andre ord - arbeide sjølvstendig.
Det vil bli foreteke samtale/interjuv før ein evt. ansettelse.
Vi holder til i Eidfjord sentrum i ei matvogn. Der serverer vi frå ein meny på ca. 30 forskjellige thai rettar. Serverer original thai street food, som er laga frå grunnen. Det til tider svært hektisk, og mykje og gjere.
Oppstart var i 2012. I 2018 vart det ny større matvogn.
Sjå Facebook: Anchalee's Thai Mat Eidfjord, for og sjå nærmare om menyar, og arbeidsplassen.