Vest politidistrikt
Vest politidistrikt søker DPA - Fagkontakt / E- spor etterforsker i Bergen. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 4+ års erfaring. Dagtid. Søknadsfristen er 6. desember 2026.
Skrevet av Vest politidistrikt
Framtidas etterforsking er digital – vil du vere med på å utvikle den? Digitale spor er i dag avgjerande for å oppklare dei fleste typar kriminalitet. Difor styrkjer vi satsinga vår på etterforsking av digitale spor (e- spor) og søkjer deg som ønskjer å arbeide i skjeringspunktet mellom teknologi, taktisk etterforsking og digital kriminalteknikk. Hos oss får du ei sentral rolle i å sikre at digitale bevis blir identifiserte, analyserte og utnytta på ein effektiv og rettstrygg måte. Samtidig bidreg du til å vidareutvikle politiet si kompetanse og metodar innan eitt av dei viktigaste satsingsområda våre.
Stillingane er mellombels plassert ved FEE-Felles eining for etterretning og etterforsking, seksjon for drap og grov vald mot barn, og grove seksuallovbrudd. Seksjonen består av to avsnitt - avsnitt for drap og grov vald (DGV), samt avsnitt for grove seksuallovbrot (SO). For tida er avsnitt for vald som opprinnelig høyrer til ved GDE BAØ (Geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden) ("GDE Vald) melombels slått saman med FEE DGV. Ved samtlege avsnitt er det ledig eit antall stillingar som politiførstebetjent med funksjon som etterforsker av elektroniske spor, der nokre vil kunne få funksjon som fagkontakt.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Nokre av stillingane vil kunne få rolla som "DPA - fagkontakt", og fungere som et bindeledd mellom DPA og den taktiske etterforskningeiniga dei tilhøyrer.
politiloven§ 18 og politiregisterloven§ 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering,
herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Nysgjerrig og utviklingsorientert, og trivast i eit fagfelt prega av kontinuerleg endring
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 10 jobber for politibetjenter mv. i Vestland de siste 90 dagene.
770 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 675 000 og 860 000 kr.
Annonsen sier: fra 770 000 kr i året.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 6 andre ledige jobber for politibetjenter mv. i Bergen nå, hos én arbeidsgiver. 5 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som dpa - fagkontakt / e- spor etterforsker i Bergen
Vil du vite når det kommer nye stillinger som dpa - fagkontakt / e- spor etterforsker i Bergen?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 13 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 23 stillinger siden juli 2026.
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene heilt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 3f672464-c4b6-432d-ad42-cc0f57ab5e58. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
15 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Vest politidistrikt.
Spørsmål om elektronisk søknad/ CV
Seksjon for HR
207.HR@politiet.no