Flatraket barnehage, Stad kommune
Flatraket barnehage, Stad kommune søker barnehagelærar i Flatraket barnehage i Flatraket. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad eller fagbrev. Dagtid. Søknadsfristen er 6. desember 2026.
Skrevet av Flatraket barnehage, Stad kommune
Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?
Flatraket barnehage har ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 18.03.2027.
Barnehagen ligg sentralt på Flatraket, med gangavstand til skule, butikk, fotballbane og ein nydeleg natur med både fjell, skog og fjøre som vi lettvint kan gjere oss nytte av. Vi har eit tett samarbeid med skulen, og har mange felles aktivitetar gjennom året. Barnehagen har dette året ei avdeling (frå 1-6 år), med 14 barn og 4 tilsette.
Flatraket barnehage ønskjer å vere ein barnehage der alle barn og vaksne skal trivast og utvikle seg.
Alt dette kan DU vere med på å vidareføre og utvikle, i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team som har barnas beste i fokus!
Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg!
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, og at du oppgir referansar.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål om barnehagen kan du kontakte styrar Helena Gangeskar Fure på tlf 911 87 136.
Helena Fure, Styrar Flatraket barnehage, 91187136, helena.fure@stad.kommune.no
Fv618 220
6717 Flatraket
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5208435273
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 131 jobber for førskole-/barnehagelærere i Vestland de siste 90 dagene.
645 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 580 000 og 670 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 42 andre ledige jobber for førskole-/barnehagelærere i Vestland nå, hos 41 arbeidsgivere. 16 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som barnehagelærar i flatraket barnehage i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som barnehagelærar i flatraket barnehage i Stad?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 351d1223-471a-4122-bd26-7085a342b69c. Se den hos Nav
Frist
15 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Flatraket barnehage, Stad kommune.
Helena Fure
Styrar Flatraket barnehage
helena.fure@stad.kommune.no+47 911 87 136