Austevoll kommune
Austevoll kommune søker 1 års vikariat som fysioterapeut i Storebø. Vikariat, heltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring, førerkort B. Dagtid.
Skrevet av Austevoll kommune
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus og kreftomsorg. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Austevoll kommune har ledig eit vikariat som fysioterapeut i 100 % stilling frå januar 2027 til desember 2027. Organisatorisk tilhøyrer stillinga ergo- og fysioterapitenesta og arbeidsstaden er på Helsehuset på Storebø.
Tenesta har i dag sju tilsette, som arbeider med førebygging, behandling og trening for barn, vaksne og eldre. Tenesta bistår og med tilrettelegging og tilpasning av hjelpemidlar. Tilbodet rettar seg mot personar som treng hjelp til å ivareta eller forbetre sin funksjonsevne.
Austevoll kommune er under omstilling. Arbeids- og ansvarsområde kan derfor bli endra.
Som fysioterapeut vil du hovudsakleg arbeide med barn og unge i alderen 0–16 år, men stillinga omfattar òg oppgåver retta mot eldre. Arbeidet har særleg vekt på førebygging, habilitering, rehabilitering og tilrettelegging.
Aktuelle arbeidsoppgåver er:
Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar. Den som blir tilsett, må legge fram tuberkuloseattest og politiattest i samsvar med gjeldande regelverk.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 14 jobber for fysioterapeuter i Vestland de siste 90 dagene.
655 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 580 000 og 720 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 3 andre ledige jobber for fysioterapeuter i Vestland nå, hos 3 arbeidsgivere. 1 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger i Austevoll?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 4 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 9 stillinger siden juli 2026.
www.austevoll.kommune.noOrg.nr 914418216
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.
Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Bur du i Austevoll, kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Ordninga gjeld frå januar 2026. Lenke til meir informasjon om vilkår og ordninga finner du her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 32d37930-79db-4b0c-8211-278eb172736b. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Laila Taraldsen
Leiar ergo- og fysioterapitenesta
laila.taraldsen@austevoll.kommune.no+47 913 92 968