Velferd, Kviteseid kommune
Velferd, Kviteseid kommune søker sjukepleier/vernepleier i Kviteseid. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring, førerkort B. Turnus. Søknadsfristen er 24. november 2026.
Skrevet av Velferd, Kviteseid kommune
Kviteseid kommune søkjer etter engasjerte sjukepleiarar eller vernepleiarar til to faste 100 % stillingar og to faste 80 % stillingar.
Me står midt i ei spennande utvikling der samarbeidet mellom Kviteseid omsorgssenter og heimetenesta blir styrkt for å møte framtidas behov på ein best mogleg måte. Målet er å byggje eit enda sterkare fagmiljø på tvers av tenestene, der kompetanse, erfaring og ressursar blir delte til beste for pasientane.
Kviteseid kommune har allereie mange dyktige sjukepleiarar og vernepleiarar med brei erfaring, høg fagleg kompetanse og eit sterkt engasjement for faget. No ønskjer me å byggje vidare på desse ressursane gjennom tettare samarbeid, felles fagleg utvikling og meir fleksibel bruk av kompetansen på tvers av tenestene. Slik kan me nytte fagkompetansen der behova er størst, styrkje kvaliteten i tenestene og sikre gode og heilskaplege pasientforløp.Som sjukepleiar eller vernepleiar hjå oss får du ein variert arbeidskvardag gjennom ei kombostilling som omfattar arbeid både ved Kviteseid omsorgssenter og i heimetenesta. Dette gir deg høve til å følgje pasientar gjennom ulike fasar av helsehjelpa og bruke breidda i den faglege kompetansen din.
I utviklinga av tenestene våre har me særleg fokus på å nytte rett kompetanse på rett stad. Målet er at sjukepleiarar og vernepleiarar i størst mogleg grad skal få bruke si fagkompetanse på pasientretta og sjukepleiarfaglege oppgåver. Du vil få arbeide med kliniske vurderingar, medisinsk oppfølging, prosedyrar, koordinering og fagleg oppfølging av pasientar, samtidig som me arbeider for gode arbeidsprosessar og ei berekraftig organisering av tenestene.
Me har nyleg etablert eiga korttidsavdeling og tilbyr ein variert arbeidskvardag innan rehabilitering, observasjon, behandling, palliasjon, demensomsorg og oppfølging av kroniske sjukdomar. Hjå oss får du moglegheit til å utvikle deg fagleg, påverke tenestene og bidra i eit miljø der samarbeid, kvalitet og nytenking står i sentrum.
Me ser etter deg som:
Helene Stensrud Flatland, Einingsleiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90213757
Lundenvegen 30
3850 Kviteseid
Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Referansenr.: 5207925274
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 75 jobber for sykepleiere i Telemark de siste 90 dagene.
680 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 615 000 og 740 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 23 andre ledige jobber for sykepleiere i Telemark nå, hos 19 arbeidsgivere. 6 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som sjukepleier/vernepleier i Telemark
Vil du vite når det kommer nye stillinger som sjukepleier/vernepleier i Kviteseid?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 32840861-02ee-439c-9077-a0d3bd4c31db. Se den hos Nav
Frist
3 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Velferd, Kviteseid kommune.
Helene Stensrud Flatland
Einingsleiar Kviteseid omsorgsenter
+47 902 13 757